Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.1.2000 tek Aksjon Nynorsk Data til for få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Ragnhild Bjørge leier aksjonen, som er finansiert av Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum. Aksjonen blir avslutta 1.9. og munnar ut i eit opprop frå 110 ordførarar og over 400 rektorar.

17.1.2017 blir Sogn og Fjordane og Hordaland samde om ein intensjonsavtale for ei eventuell samanslåing av dei to fylka til ein region. I avtalen heiter det at «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar. Lokale skilnader i kultur vil, og skal framleis vere, viktig og eit felles mål å ta vare på» og at «Nynorsk vert administrasjonsspråk og statleg tenestespråk for den nye regionen».

All verdas språk

17. januar 1965 arrangerer partiet Dravida Munnetra Kazagham (DMK) The Madras State Anti-Hindi Conference. Dette er få dagar før eit grunnlovsvedtak frå 1949 skal gjere hindi til det einaste offisielle språket i India.

Den 25. januar demonstrerer studentar i Madras mot dette vedtaket med slagord som “Hindi Imperialism” og “Hindi never, English ever!”. Dei to neste månadene held demonstrasjonane fram, og 66 personar mistar livet. Aksjonane utløyser motdemonstrasjonar frå pro-hindi-grupper i Nord-India.

I Madras var det alt i 1937 sett i verk aksjonar mot eit framlegg frå delstatsministeren om at alle skal lære hindi. Etter open strid om saka blir framlegget trekt attende 21. januar 1940. Delstaten skiftar i 1969 namn til Tamil Nadu (Tamillandet), og der er tamil det einaste offisielle språket. Som det første språket blir tamil i 2004 anerkjent som klassisk språk i India.

Seinare får sanskrit, kannada og telugu same staus. Sanskrit tyder ‘samansett’, og svært mange språk i India skriv seg frå sanskrit. Det er eit av dei eldste indoeuropeiske språka, og dei eldste skriftlege spora er tidfesta til om lag 1700 f.Kr.

Sist oppdatert: 16.07.2018