Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.1.1964 kjem Dag og Tid for første gong regelmessig som vekeavis, etter fire prøvenummer frå april 1962 og første ordinære nummer i september 1963.

All verdas språk

18. januar 2008 avviser fleirtalet i Conseil Constitutionnel, det franske parlamentet, eit framlegg om å ratifisere Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk for ei rekkje slike språk i Frankrike.

På førehand har Det franske akademiet avvist framlegget som «eit åtak på den franske nasjonale identiteten». Eit liknande framlegg blei avvist då grunnlova var oppe til revisjon i 1992. I dette tidsrommet skiftar fransk språkpolitikk retning fleire gonger. Den 10. desember 2007 har såleis det regionale Conseil Général des Pyrénées-Orientales vedteke eit Charte en faveur du Catalan. Det gjer katalansk til offisielt språk i departementet i tillegg til fransk.

Det blir jamleg nye rundar om språkpolitikk i Frankrike. Den 3. desember 2011 gjer Miss Alsace og Miss France, Delphine Wespiser, sitt då ho i eit offisielt intervju svarar på alsassisk. Den 2. oktober var ho blitt kåra til Miss Alsace. Intervjuet utløyser  ein diskusjon om bruk av eit regionspråk i det offentlege rommet i Frankrike. Wespiser blir 23. mars 2014 som ei av 11 vald inn i kommunestyret i Magstatt-le-Bas i Alsace og har markert seg som ein forsvarar av regionale språk.

Sist oppdatert: 22.02.2019