Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


19.1.1903 blir biletkunstnaren Dyre Vaa fødd i Kviteseid.

19.1.1908 blir folkehøgskulemannen Ingjald Bolstad fødd på Evanger.

19.1.1951 blir direktør Aage Engesæter ved De Heibergske Samlinger fødd i Sogndal.

19.1.1968 blir forfattar og redaktør Knut Olav Åmås fødd i Odda.

19.1.1969 diskuterer Stortinget for første gong pressestøtte til norske aviser, og ei ordning blir innført frå og med 1970. Noregs Mållag har på førehand fremja krav om at «ikkje noko offentleg støttetiltak skal fremja ei vidare favorisering av det eine målet». Den sida av saka blir ikkje nemnd i stortingsdebatten, men Arnt Hagen (Sp) viser til at lokale aviser er viktigare enn dei store avisene i arbeidet med å ta vare på slikt som «norske dialektar» (sjå 13.4.1973, 5.8.1973, 18.4.2002, 19.1.2009, 19.2.2009, 29.4.2009).

19.1.2009 tek styremedlem Tor Fuglevik i Språkrådet til orde for at riksaviser som nektar redaksjonell bruk av nynorsk skal misse det momsfritaket som blei innført i 1970 (sjå 19.1.1969, 13.4.1973, 5.8.1973, 18.4.2002). Grunnlaget for innlegget hans i Dagens Næringsliv er rapporten Norsk i hundre! frå Språkrådet i 2005, der det heiter: «Når staten støtter mediene finansielt gjennom momsfritak, pressestøtte osv., må den også kunne stille språklige krav, både om bruk av norsk språk generelt og ikke minst bruk av nynorsk». I St.meld nr. 35 (2007–2008) Mål og meining hadde regjeringa moderert dette: «Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass.» Innlegget frå Fuglevik er eit styrt initiativ frå styret i Språkrådet og utløyser ein lengre debatt (sjå 19.2.).

19.1.2010 kunngjer Det Norske Samlaget at forlaget har trekt seg ut av nettbokhandelen Bokdykk og Blåmann barnebokklubb. Investorane Trond Økland og Michael Dorfman frå Florø skal drive selskapet vidare som ein nynorskprofilert kulturbokhandel på nett og ein barnebokklubb for nynorske bøker. Bokdykk AS blei skipa i 2007 av Det Norske Samlaget og Økland Invest. I 2008 blei barnebokklubben Blåmann, skipa i 2000, også ein del av selskapet (sjå 1.3.2001).

19.1.2015 inneheld Donald Duck & Co. forteljinga «Truet art på fremmed tomt» der rollefiguren Rarill Kriise snakkar nynorsk. Slike innslag har det vore i fleire tidlegare enkeltseriar, som «Tilbake til Gutseplassen» våren 2012, ein serie i eit spesialhefte i 1977, nokre replikkar i ein serie i nr. 14 1966, verselinjer frå diktet «Kubla Khan» av Samuel Taylor Coleridge omsett til nynorsk av Johannes Gjerdåker i serien «Tilbake til Xanadu», utanom klassikaren «Eggmysteriet» i 1963 og fleire temahefte i 1980-åra (sjå 19.4.2014).
Rarill Kriise faksimile frå Donald Duck og co.jpg?w=600

Faksimile frå Donald Duck & Co.

All verdas språk

19. januar 1811 signerer Napoleon eit dekret om å reorganisere Accademia della Crusca. Dette er det eldste språkakademiet i verda. Det blei skipa i Firenze i 1583 og hadde sitt første møte 25. mars 1585. Akademiet har særleg arbeidd for å fremje purisme i italiensk.

I 1635 blir L’Académie française skipa etter mønster av det italienske, likeins eit tysk språkakademi i 1617, skipa av Fruchtbringende Gesellschaft i Weimar. I London blir Royal Society skipa i 1660, og fire år seinare oppnemner dette allmenne vitskapsselskapet ein komité «for improving the English language». Vidare kjem Real Academia Española i 1713, Академия Российская (Det russiske akademiet) i 1783, Svenska Akademien i 1786, Academia das Ciências de Lisboa i 1779, og Academia Brasileira de Letras i 1896.

I 1919 blir det første akademiet for arabisk skipa i Damaskus etter mønster av det franske akademiet. Med åra blir det skipa minst ni akademi til. Ein anonym forfattar tek i 1774 til orde for å skipe American Society for Language, men først i 1924 blir Linguistic Society of America skipa. Av nyare dato er Academia Galega da Língua Portuguesa, skipa i 1994 for å fremje kontakten mellom galisisk i Spania og portugisisk.

Det kulturelle diplomatiet blir også forma gjennom institusjonar som skal spreie kunnskapen om språk og kultur til andre land. Etter ein forløpar frå 1934 blir British Council etablert i 1940, Goethe-Institut er mi drift frå 1951, Japan-stiftinga frå 1972. I 1987 blir Senter for spreiinga av persisk språk og litteratur etablert, og 21. november 2004 skpar Kina det første Konfutse-instituttet, som med åra blir til om lag 400 avdelingar i nær 100 land. Liknande institusjonar finst for ei rekkje andre statar.

Sist oppdatert: 06.06.2017