Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.1.1913 har Det Norske Teatret den første framsyninga si, i Kristiansand – Ervingen av Ivar Aasen med opningsreplikk av Lars Tvinde, og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg. Teatret avsluttar den tredje turneen dette året med framsyning i Steinkjer 5.7. (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912).
2.1.1890 kjem første nummeret av Firda ut i Bergen med Mons Litleré som redaktør etter å ha kome ut i Naustdal frå 1887, redigert på dansknorsk. Siste nummeret kjem 30.12.1893.
2.1.1928 går Grømstadposten i Grimstad over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1884. Frå årsskiftet 1930/31 blir avisa igjen redigert på bokmål.
2.1.2013 opnar statsråd Hadia Tajik Språkåret 2013 under ei festframsyning i Agder Teater i Kristiansand (sjå 6.12.2013 og 23.4.2014).

All verdas språk

2. januar 1913 har Det Norske Teatret den første framsyninga si, i Kristiansand. På programmet står Ervingen av Ivar Aasen og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg.
Ideen om eit teater på nynorsk la Arne Garborg fram i foredraget «Målteater» i Rødelaget i Kristiania 18. november 1898. Alt 3. mars 1899 blir Det norske Spellaget skipa med Magnus Hydle som første formann. Laget har første framsyninga på Eldorado Theater i Kristiania 21. mars same året med stykke av Hulda Garborg og Rasmus Løland. Laget går inn etter kort tid og kjem i gang att ti år seinare.
Hulda Garborg. Fotograf: Rude. Kjelde: Nasjonalbiblioteket. Ingen CC.
Hulda Garborg. Fotograf: Rude. Kjelde: Nasjonalbiblioteket. Ingen CC.
Den 27. oktober 1910 har Hulda Garborg og Det norske Spellaget si første framsyning, Ei hugvending, på Venskaben i Asker, før dei legg ut på fleire spelferder. Dei veit kva dei går til; i hovudstadspressa hausta Voss Ungdomslag spitord då dei spela teater i Oslo sommaren 1910. Spellaget er kimen til det som på eit skipingsmøte 22. november 1912 blir L/L Det Norske Teatret. Hulda Garborg blir første formann i laget, Rasmus Rasmussen første teatersjef. Aksjekapitalen er på 21 000 kroner, som svarar til 1,1 millionar i vår tids verdi.
I Kristiania spelar teateret den første framsyninga 6. oktober same året. På plakaten står Ludvig Holbergs Jeppe paa Berget, omsett av Arne Garborg. Kong Haakon 7 er til stades.
Sist oppdatert: 13.01.2017