Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


20.1.1886 får Moltke Moe eit nyoppretta professorat i ”norsk folkesprog og norsk folketradisjon” ved Universitetet i Kristiania.
20.1.1925 fastset Forsvarsdepartementet dei første reglane for bruk av landsmål på visse ekserserplassar o.l.
20.1.2010 arrangerer Språkrådet opningsseminar for arbeidet med ny nynorsknormal. Ei nemnd under leiing av Grete Riise skal ha klart eit framlegg til ny normal innan 1.4.2011. Med i nemnda er også Unn Røyneland (nestleiar), Ragnhild Bjørge, Tore Elias Hoel, Karin Magnetun, Svend Arne Vee og Åse Wetås. Prosjektsekretær er Aud Søyland (sjå 13.9.2007, 16.12.2009).

20.1.2015 publiserer Aaasentunet.no skriftet A world of languages and written culture av Ottar Grepstad. Skriftet dokumenterer 58 språkmuseum i 30 land i fem verdsdelar, og inneheld dessutan informasjon om 45 nettstader, 30 språkmonument, 19 språkfestivalar og 64 språkdagar eller språkveker. Det går fram av skriftet av Ivar Aasen-tunet er det eldste språkmuseet i verda.

All verdas språk

20. januar 1943 blir den norske politikaren Einar Førde fødd i Høyanger. Til han døyr i 2004, lever han i den spenninga som den språkdelte norske kulturen inneber.

Frå det tospråklege Høyanger kjem han til Oslo i 1960-åra og blir nynorskbrukaren som representerer hovudstaden på Stortinget i tjue år, 1969–89, medrekna fire år for Akershus. Der blir han med i Arbeidarpartiet, slik han på kort tid også blir ein nøkkelfigur i nynorskmiljøa. Berre nokre veker før ein brann herjar på Nationaltheatret i 1980, signerer Førde stortingsproposisjonen om eit nybygg for Det Norske Teatret, som blir opna i 1985.

Meir enn dei fleste politikarar vil Førde bli verande knytt til nynorskbruken i NRK. I 1970 handsamar Stortinget ei stortingsmelding om språksaka på grunnlag av ei innstilling frå Vogtkomiteen nokre år tidlegare. Då driv Førde fram den viktigaste kulturpolitiske merknaden frå eit stortingsfleirtal: Minst 25 prosent av ordsendingane frå NRK skal vere på nynorsk.

Mange år seinare møtte han seg sjølv i døra som kringkastingssjef i denne saka. Det han sjølv formulerte i 1970, blir i 1990-åra ein del av vedtektene for NRK.
Sist oppdatert: 05.01.2016