Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.1.1868 blir Vestmannalaget skipa av 36 personar i Bergen med Henrik Krohn som første formann.

21.1.1929 kjem første nummeret av Vikebladet ut i Ulsteinvik med Johs. H. Thorkildsen og Erling Bjørnsen som redaktørar. Avisa går i 1989 inn i Vikebladet Vestposten.

21.1.1968 høgtidar Vestmannalaget 100-årsjubileum i Håkonshallen i Bergen.

21.1.2018 vedtek Bergen bystyre mot røystene frå Framstegspartiet ein plan for meir bruk av nynorsk i kommunen og byen. Planen er svar på ein interpellasjon frå Njaal H. Neckelmann (V) i juni 2016 (sjå 15.6.2016). Nokre av tiltaka er at tilsette i Bergen kommune kan sjølve velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål, innbyggjarane skal få svar på det språket som dei skriftleg vende seg til kommunen med, ti prosent av all utoverretta kommunikasjon frå kommunen skal vere på nynorsk, barna skal tidleg møte nynorsk i både barnehage og skule, og ved endringar i skulestrukturen skal kommunen syte for at elevar med nynorsk som førstespråk kan halde fram med det.

 

All verdas språk

21. januar 2008 døyr 89 år gamle Marie Smith Jones i Anchorage i Alaska. Ho skal vere den siste som talte språket eyak.

I eit intervju i 2005 har ho forklart at på eyak var namnet hennar Udach’ Kuqax*a’a’ch, som tyder «ein lyd som kallar saman folk frå langt borte». Ho er mor til ni, men ingen av borna har lært eyak. Ho har samarbeidd med språkforskaren Michael E. Krauss om å gjere opptak av språket med henne, og han lagar både ordbok og grammatikk for eyak.

Han er ikkje åleine. Den 27. juni 2010 fortel Anchorage Daily News om den franske collegestudenten Guillaume Leduey som tok til å lære seg eyak då han berre var 12 år gamal. Han tek aldri kontakt med Jones, men sommaren 2010 reiser den 21 år gamle franskmannen til Alaska og møter for første gong Krauss. Dermed lærer Leduey endå meir eyak og blir ein berar av eit språk som likevel ikkje har gått heilt ut av bruk.

Leduey snakkar etter kvart eyak flytande og underviser i språket, som no må reknast som sovande og som eit minne om ein kultur og etnisk fellesskap. I juni 2014 presenterte  Eyak Language Revitalization Project eit nettbasert program kalla DAXunhyuuga, Orda til folket, som mellom anna inneheld ei ordliste.

Sist oppdatert: 22.02.2019