Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.1.1851 blir bibelomsetjaren Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel fødd i Kristiansand.

22.1.1906 blir lærebokforfattaren Ingvald Torvik fødd i Jondal.

22.1.1968 blir forfattaren Hilde K. Kvalvaag fødd.

All verdas språk

22. januar 2010 skriv den amerikanske astronauten Timothy Creamer den første Twitter-meldinga som er send frå verdsrommet. Creamer tvitrar frå den internasjonale romstasjonen og er sjølv attende på jorda 2. juni 2010. 

Skjermdump av den første Twitter-meldinga sendt frå verdsrommet, tvitra av den amerikanske astronauten Timothy Creamer, på Twitter @Astro_TJ.

Skjermdump av den første Twitter-meldinga sendt frå verdsrommet, tvitra av den amerikanske astronauten Timothy Creamer, på Twitter @Astro_TJ.

Den amerikanske programvareskaparen Jack Dorsey utvikla Twitter i mars 2006, og 21. mars 2006 kl. 12.50 (Pacific Time) sender han den aller første meldinga: «just setting up my twttr». Ordet tyder «a short burst of inconsequential information» eller «chirps from birds». Frå 15. juli 2006 er ein fullversjon av programmet allment tilgjengeleg.

Twitter Inc. blir skipa i april 2007, og den nye digitale tenesta får gjennombrotet sitt på den årlege konferansen South by Southwest i Texas i oktober 2007. Tekstmengda er avgrensa til 140 teikn, og Twitter blir det same på Internett som sms er blitt for mobiltelefonane. Etter kvart blir tenesta bygd ut med menyar på fleire språk, og i 2018 støttar Twitter 34 språk, mellom dei bokmål. Frå 7. november 2017 blir tekstgrensa strekt til 280 teikn, men ikkje for japansk, kinesisk og koreansk.

Kommunikasjon via Twitter blir ein viktig føresetnad for opprøret i Egypt og Tunis i 2011. Tenesta blir også effektivt brukt av terrororganisasjonar som Daesh (ISIL).Sommaren 2016 er tre makthavarar blant dei som har flest følgjarar – president Barack Obama i USA, statsminister Narendra Modi i India og president Recep Tayyip Erdoğan i Tyrkia.

Det nye formatet kan også brukast skjønnlitterært. Frå årsskiftet 2011/12 til 4. juni 2013 publiserer Frode Grytten kvar dag ei Twitter-novelle på 140 teikn.

Selskapet publiserer få brukartal, men minst 1,3 milliardar har ein Twitter-konto. I 2013 logga dagleg minst 100 millionar seg på, men om lag 500 millionar hadde i 2014 truleg aldri tvitra. Frå 100 millionar aktive brukarar i mars 2011 passerer Twitter 200 millionar i januar 2013. Talet aukar til 310 millionar 31. mars 2016 og til 330 millionar aktive brukarar i juli 2018.

50 millionar tvitringar blir sende kvar dag i februar 2010, 400 millionar i september 2013, og i juli 2016 blir det sendt 500 millionar tvitringar kvar dag. Berre på valdagen for det amerikanske mellomvalet 7. november 2018 blei det sendt over 40 millionar tvitringar om valet. Det var 9 millionar meir enn på valdagen i 2012.

Sist oppdatert: 22.02.2019