Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

23.1.1860 vedtek Odelstinget at gammalnorsk skal vere valfritt fag i gymnaset. Det er A.O. Vinje som har gjort framlegg om dette. Regjeringa nektar å sanksjonere vedtaket.
 
23.1.1970 kjem første nummeret av Synste Møre ut på Fiskå med Per G. Osnes som redaktør.
 
23.1.1997 vedtek representantar for 17 nynorske institusjonar, organisasjonar og forretningstiltak å skipe samarbeidsorganet Nynorsk Forum. Ottar Grepstad er sekretær.
 
23.1.2008 varslar statsråd Bård Vegar Solhjell at Kunnskapsdepartementet vil følgje nøye med på utgivinga av lærebøker og rår til at fylkeskommunane gir dagbøter til forlag som hausten 2008 ikkje leverer lærebøker i begge målformer i rett tid (sjå 13.9.2008).
 
 

All verdas språk

 

23. januar 1739 fastset Kongen ei skuleforordning for Danmark–Noreg som inneber at alle born over sju år skal gå på skule i fem år. Dei skal lære å lese trykt tekst og få religionsundervisning.
 
 
Den 29. april 1740 blir forordninga oppheva fordi det manglar pengar. I staden blir det opp til godseigarane (i Noreg bøndene) kva slags skulesystem dei vil etablere i sine område. Undervisningsplikt blir først innført att då Noreg går ut av kongeriket Danmark–Noreg i 1814. Utbreiinga av skrifter generelt og utviklinga av former for undervisning gjer likevel at i andre halvdel av 1700-talet er lesekunna utbreidd i allmugen.
 
 
Opplæringspolitikken blir styrt ved fleire seinare skulelover. Lov for Almue-Skolevæsenet paa Landet blir vedteken i 1827, og den gamle omgangsskulen blir i 1860 erstatta av fastskule. Frå 1892 kan folkeskulane undervise i nynorsk, men like til 1959 er skuleåret mykje kortare på bygdene enn i byane. I nær 70 år får nynorskelevar mindre og dårlegare opplæring i sitt skriftspråk enn bokmålselevane får i sitt.
 
 
1970-åra er neste store tidsskifte. Obligatorisk ungdomsskule blir innført frå 1969, og frå då av får alle nordmenn skriftleg opplæring både i nynorsk og bokmål. Vidaregåande skule frå 1974 aukar utdanningsnivået mest for nynorskbrukarane.
 
Sist oppdatert: 25.08.2014