Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.1.1885 skriv prost Sønke Sønnichsen i Lårdal, Telemark, til Kyrkjedepartementet og bed om å få bruke salmane av Elias Blix i kyrkja. Salmediktaren er no kyrkjeminister og difor inhabil. 22.8. avgjer statsråd Jakob Sverdrup at saka skal ”bero indtil videre”. Først sju år seinare blir det lov å syngje salmar på landsmål i kyrkjene (sjå 26.12.1884 og 1.1.1885).

24.1.1887 skriv Ivar Aasen i dagboka at han har fått første nummeret av Sysvorti. Utgivar er Kristen Stalleland i Grimstad, og bladet har fått undertittelen ”Norskt Barnablad”. Frå 1891 heiter det Norskt Barneblad og frå 1916 Norsk Barneblad. Til første nummeret får han 36 tingarar. Etter eit opphald i 1893 har bladet kome ut heile tida, men det fører lenge eit usikkert liv under skiftande redaktørar til Andreas Haavoll tek over i 1913 og styrer bladet i 40 år. Bladet er det eldste bladet på nynorsk som framleis kjem ut, og det er eit av dei eldste barneblada i verda.

All verdas språk

24. januar 1984 lanserer Steve Jobs i Apple modellen Macintosh 128K.

Apple-modellen Macintosh 128K, den første Macintosh, lansert av Steve Jobs 24. januar 1984. Foto: Pinot Dita, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Apple-modellen Macintosh 128K, den første Macintosh, lansert av Steve Jobs 24. januar 1984. Foto: Pinot Dita, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Steve Jobs og Steve Wozniak har samarbeidd sidan 1971, og dei går sine eigne vegar i utviklinga av personlege datamaskinar. Wozniak har i 1976 laga Apple I, som året etter blir utvikla vidare til Apple II. Selskapet Apple Computer, Inc. blei skipa i 1976 og blei på få tiår eit av dei største ikt-selskapa i verda. Frå 9. januar 2007 heiter selskapet Apple, Inc.

I tillegg til Mac har Apple sett standarden for sentrale delar av ikt-marknaden med varer og tenester som iPod, iPhone, iPad og iTunes. Med sine vel 76 000 tilsette og ei omsetning på nesten 1000 milliardar kroner i 2012 er Apple blitt ein svært mektig produsent og kontrollør av digital kommunikasjon, saman med dei andre amerikanske selskapa Facebook, Twitter og Google. Veksten held fram, og i 2017 skaper 123 000 tilsette ei samla omsetning på 1900 milliardar kroner.

Sist oppdatert: 22.02.2019