Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.1.1921 får Arne Garborg ei folkegåve på 104 000 kroner – og ein hest – som medlemene i Noregs Ungdomslag hadde samla inn. Summen svarar til to tredelar av Nobelprisen i litteratur.

25.1.1951 lanserer Postverket dei tre første nynorske frimerka med namneforma NOREG, og med portrett av Arne Garborg i høve hundreårsdagen hans. Kravet om nynorske frimerke reiste Noregs Mållag i 1923.

25.1.1975 kjem første nummeret av Setesdølen ut på Bygland med Helge Arild Bolstad som redaktør.

25.1.2001 opnar statsråd Ellen Horn Garborg-året 2001 på Det Norske Teatret i Oslo. Då jubileumsåret blir avslutta 1.12., er det gjennomført over 520 arrangement landet rundt med eit samla publikumstal på 142 000. I tillegg har ei rekkje NRK-program 1 195 000 lyttarar og sjåarar. Samla kostnader er på 6,3 mill. kr (sjå 13.10.1998).

25.1.2001 publiserer Aftenposten for første gong ein leiarartikkel på nynorsk, i høve Garborg-året.

All verdas språk

25. januar 750 bryt slaget ved Zab i dagens Iran ut, der Abbasid-kalifatet nedkjempar det etablerte Umayyad-kalifatet.

I juli året går Abbasid-kalifatet til krig mot troppane frå det kinesiske Tang-dynastiet i Talas-dalen nordaust for Samarkand. Også dette slaget vinn Abbasid-kalifatet, og Tang-styrkane flyktar austover. Kalifatet tek mange kinesarar til fange, mellom dei fleire soldatar som kan kunsten å lage papir.

Babylon og Mesopotamia er borte, men i Kina er der ein ubroten tradisjon frå ein skriftkultur som blir skapt om lag 2000 år f.Kr. Dei eldste spora er innskrifter på skilpaddeskal og bein, såkalla orakelbein som først blir oppdaga i 1899. I Kina blir det vanleg å skrive på papir på 200-talet, og det som kan kallast den eldste boka, blir laga i Kina i 256 e.Kr., 1000 år før tyske Johann von Gutenberg prentar Bibelen.

Orakelbein frå Kina, om lag 1500–900 f.Kr. Foto: The British Library, Flickr.com (id.: Or. 7694, 1535v). Ingen kjente restriksjonar.

Orakelbein frå Kina, om lag 1500–900 f.Kr. Foto: The British Library, Flickr.com (id.: Or. 7694, 1535v). Ingen kjente restriksjonar. Ønskjer du å studere innskriftene kan du trykke her for å sjå biletet i større format.

Kunnskapen om papir blir viktig for arabisk kultur, og den første papirmølla blir truleg bygd nettopp i Samarkand. Derifrå kjem den nye teknologien til Europa via maurarane i Spania, der den første vassdrivne papirmølla blir bygd i Aragon i 1282.

Arabisk utviklar seg som eit eige semittisk språk frå om lag 1000 f.Kr. og må som mange andre språk i denne tida reknast som eit nomadespråk. Namnet arabisk dukkar første gongen opp i 853 i ei innskrift frå ein assyrisk konge.

Det som til no truleg er den eldste teksten på arabisk, blir funnen i En ‘Avdat i Israel i 1986. Innskrifta har tekstlinjer på arabisk og arameisk og er datert til om lag 100 e.Kr.

Sist oppdatert: 25.01.2017