Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


26.1.2011 lanserer The Document Foundation ein såkalla endeleg versjon av kontorpakken LibreOffice for Windows, Mac og Linux. Programvara er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.
 

All verda språk

 
26. januar 1884 blir den amerikanske etnologen og språkforskaren Edward Sapir fødd i Lauenburg i Pommern.
Sapir blir ein av dei fremste språkforskarane i si tid, og han får særleg mykje å seie for strukturalistisk lingvistikk. Saman med den amerikanske studenten Benjamin Lee Whorf formar han ein hypotese om at språk formar tanken. Dei meiner det er eit systematisk forhold mellom dei grammatiske kategoriane i språket ein person snakkar, og korleis vedkomande forstår verda og oppfører seg i verda.
Denne Sapir-Whorf-hypotesen blir første gongen presentert i 1929 og blir særleg omstridd i 1950-åra, med sterk kritikk først og fremst frå Noam Chomsky. Eit vanleg motargument er at det skil seg mykje kva ulike språk har av grammatikalske kategoriar. At berre halvparten av all verdas språk har ein kategori for plassering av ei hending i tid ut frå talesituasjonen, inneber ikkje at alle desse språkbrukarane ikkje skil mellom fortid og framtid. Ein mellomposisjon er å seie at språk ikkje avgrensar tanken, men kan fargeleggje og nyansere tanken.
Sapir døyr 4. februar 1939, Whorf 26. juli 1941.
Sist oppdatert: 21.01.2014