Nynorsk kulturhistorie
27.1.2010 lanserer Nynorsk kultursentrum e-boka Språkfakta 2010 av Ottar Grepstad. Med sine 247 tabellar og 95 figurar på til saman 512 sider, og ein tekstdel på 141 sider, utgjer publikasjonen 653 sider. Dette er den mest omfattande dokumentasjonen av språk i Noreg som har vore laga (sjå,23.4.1998, 19.9.2005o g 26.9.2015)
All verdas språk
Metodyj Trochanovskij har i 1935 og 1936 gitt ut to lære- og lesebøker i lemko for lemkotalande i Polen, men polske styresmakter forbyd desse skriftene i 1938. Mellom 28. april og 28. juli 1947 gjennomfører polske styresmakter Aktion Weichsel og tvangsflyttar om lag 150 000 menneske frå lemko-folket og andre ukrainske grupper frå søraust til nordvest i Polen.
I Polen har polsk vore det dominerande kvardagsspråket i mange hundre år, men latin prega både forvaltning, skule og kyrkje til det 18. hundreåret. Då landet blir delt på 1800-talet, blir først russisk og så tysk mykje brukte språk.
I 1918 er Polen på ny ein sjølvstendig stat. Då talar om lag to tredelar polsk. Lemko er såleis eitt av mange minoritetsspråk, men i siste halvdel av 1900-talet tek polsk meir og meir over.