Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28. januar 1884 vert partietVenstrestifta.

28.1.1907 prentar Den 17de Mai eit innlegg av Bernt A. Støylen der han oppmodar til ein nasjonal dugnad for å samle inn barnerim og barneleikar. To år etter kjem resultatet i boka Norske barnerim og leikar, som inneheld 468 rim og 85 melodiar.

28.1.1912 utløyser støtte til landsmålet regjeringskrise. Statsminister Wollert Konow er på fest i BUL Oslo, og etter ein tale til statsministeren av Marius Hægstad svarar Konow med å hylle målsaka som ”den sak, som sterkest har båret det norske folk frem i det sidste halve hundreår”. Aviser som Tidens Tegn reagerer sterkt, likeins Høgre (sjå 16.2.1912).

28.1.2013 opnar Noregs Mållag Nynorskstafetten i Ørsta med ordførarmøte, kaffistund på Fugl Fønix, quiz for ungdomskuleelevar, stand på Spinneriet og dialektkafé i Volda, og med offisiell opning i Ivar Aasen-tunet. Målet er å vitje 140 stader i heile landet.

 

All verdas språk

Livisk

28. februar 2009 døyr Viktor Berthold. Han er rekna som den siste med livisk som morsmål, men enno snakkar nokre livisk ved å ha lært det på anna vis. 

Livisk er eit finsk-ugrisk språk i Latvia. Livarane er det første folkeslaget som buset seg i Latvia. Dit kjem dei om lag 3000 f.Kr. Med tida er dei å finne over heile Latvia, men dei blir jamleg utsette for forfølgingar. Ein stor pest tidleg på 1700-talet og den store nordiske krigen 1756–63 blir svært øydeleggjande. Ved inngangen til 1900-talet er berre 3000 livarar att. Den første verdskrigen gjer eit nytt innhogg, og berre halvparten overlever. Første gongen livisk er brukt på trykk, er i ei omsetjing av Matteusevangeliet i 1863.

På slutten av 1900-talet har truleg mindre enn ti menneske livisk som morsmål.

Bertrand Barère og fransk

28. januar 1794 held den franske revolusjonsleiaren Bertrand Barère ein av fleire talar der han til liks med andre i den franske revolusjonen framhevar behovet for å styrkje fransk språk som ein del av politikken for å etablere eit sterkt, sentralstyrt Frankrike.

«Vi har merka oss», seier han, at talemål som bretonsk og baskisk og språk som tysk og italiensk har lengd perioden av fanatisme, garantert for ein dominans av prestar og advokatar, og hindra framgangen for revolusjonen. «Lagnaden for fransk er at dette skal vere det universelle språket», seier Barère: «Det er ikkje opp til oss å halde ved like barbariske taleformer og uforedla dialektar som ikkje kan anna enn å tene saka til fanatikarane og dei kontrarevolusjonære.»

På denne tida er fransk talemålet berre for ein tidel av innbyggjarane i landet. Hundre år seinare snakkar kvar åttande skuleelev mellom 7 og 14 år ikkje fransk i det heile.

Barère nøyer seg ikkje med tale. Barère handlar. Han er så å seie propagandaministeren i det nye regimet, og alt 12. desember 1792 vedtek Nasjonalkonventet ei lov som inneber at instituteurs, skulelærarar, skal sendast utover i heile republikken. Lærarane skal spreie språket til republikken, fridomsspråket, som fransk blir kalla, og det skuleverket som no blir bygt opp, skal lære alle innbyggjarane fransk. Det er ikkje gjort i ei revolusjonær handvending. Først i Den tredje republikken frå 1870 får fransk det endelege gjennomslaget i Frankrike.  

Sist oppdatert: 26.02.2019