Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie



29.1.1905 set Nationaltheatret opp første stykket sitt på landsmål, Fossegrimen av Sigurd Eldegard, med musikk av Johan Halvorsen. Fram til 1910 blir stykket vist 180 gonger på denne scena og på Den Nationale Scene i Bergen.
 
29.1.1932 fastset regjeringa føresegner for lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 26.5.1930 og 28.2.1980).
 

All verdas språk


29. januar 1999 vedtek parlamentet i Portugal at mirandesisk skal vere offisielt lokalspråk i Bragança-distriktet nordaust i Portugal. Mirandesisk er til då gjerne blitt rekna som ein spansk dialekt.

Regionen utgjorde frå 910 kongedømet León, der språket var leonesisk. Då Portugal blir sølvstendig i 1139, blir dette området isolert og delt mellom Spania og Portugal. Ei språkutvikling tek til der det gamle fellesspråket deler seg i leonesisk, asturiansk og mirandesisk. Til skilnad frå asturiansk har mirandesisk og leonesisk endra seg relativt lite over tid, men både i ordforråd og lydverk er mirandesisk påverka av portugisisk.

Den portugisiske etnologen José Leite de Vasconcelos karakteriserer i 1882 i verket O Dialecto Mirandez mirandesisk som «språket for bønder, arbeid, heim og kjærleik mellom mirandesarar». Under regimet til den portugisiske statsministeren António de Oliveira Salazar 1932–68 er det forbode å bruke mirandesisk. Frå midten av 1980-åra får born i regionen opplæring i mirandesisk.

I 2000 blir utsendingar på eit møte i byen Miranda do Douro samde om å skipe eit Anstituto de la Lhéngua Mirandesa, som skal fremje bruken av mirandesisk. I 2006 blir eit Asterix-hefte prenta på mirandesisk og i 2011 dei fire evangelia i Det nye testamentet. I landsbyen Piecote bruker dei 350 innbyggjarane så godt som berre mirandesisk.

På dette språket heiter både bestemor og bestefar abó. Når det trengst, får bestefar tillegget l’abó de las calças (besteforelder med bukser) og bestemor l’abó de la saia (besteforelder med skjørt).
 
Sist oppdatert: 27.01.2014