Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.1.1891 lanserer Arne Garborg ideen om eit landsmålsteater, «eit spelarlag av bygdefolk», i artikkelen «Det frie folketeater i Berlin» i Firda (sjå 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.1912, 2.1.1913).
3.1.1902 kjem første nummeret av Vestlandet ut i Bergen med Anders Hauge som redaktør. Siste nummeret kjem 7.1.1903.
3.1.1919 skiftar avisa Søndhordland på Leirvik namn til Sunnhordland og går over til å bli redigert på nynorsk, med Lars Hjelle som faktisk redaktør. Avisa har då kome ut sidan 1.5.1902.
3.1.1925 godkjenner landsmøtet i Noregs Mållag Solfuglen som varemerke for forretningstiltaka i norskdomsrørsla, til dømes kaffistovene og bondeheimane, etter at landsmøtet i Noregs Ungdomslag godkjende merket året før. Merket er teikna av Carsten Lien (sjå 17.5.1925).
3.1.1933 talar Gustav Indrebø på årsmøtet i Vestlandske Mållag i Bergen. I talen kjem han med sterke klagemål mot to personar han meiner har gjort grove brot mot mållova av 1930, telegrafinspektør Schrøder-Nielsen og skattefut Svenke. Dei to krev offentleg tiltale mot Indrebø, og riksadvokaten reiser mortifikasjons- og straffesøksmål (sjå 15.3.1934).
3.1.1946 kjem første nummeret av Dølabladet ut på Otta med Andres By som redaktør. Avisa er eit framhald av Dølenes Blad og skiftar no både namn og redaksjonsspråk. Siste nummeret kjem 28.2.1950.

Språksansen

Små historier dag for dag om alle verdas språk

3. januar 1941 kunngjer Martin Bormann på vegner av Adolf Hitler at den gamle frakturskrifta fraktur er Judenlettern, og at latinsk skrift skal vere Normal-Schrift.

Frakturskrift. Foto: Christian Bélanger, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Frakturskrift. Foto: Christian Bélanger, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Under Otto von Bismarck var det i 1871 bestemt at fraktur skulle brukast i alle statlege trykksaker. Den 4. november 1911 fall eit forslag i den tyske Riksdagen om å erstatte fraktur med latinsk skrift som offisiell tysk skrift med 85 mot 82 røyster. Krigsnederlaget i 1918 hadde styrkt frakturtilhengjarane i Tyskland, og Adolf Hitlers regime hadde gjort fraktur til nasjonal skriftform hausten 1934.
Då Adolf Hitler tek makta over Tyskland i 1933, etablerer han også eit regime som tek makta over språket. Med Det tredje riket endrar delar av det tyske språket karakter og blir meir aggressivt og absolutt. Gamle ord får ei politisk spesifikk tyding, nokre ord blir svært mykje brukte, og nye ord blir tekne i bruk. Spaltelangs i nazismens ordbok står ikkje berre alle krigsorda, men også ord som artsfremd, fanatisch, gross, Hass, Jüdlein (liten jøde), Raum, total, unvorstellbar, Volksfest, Welt, zahllos.
Det blir også kamp om symbola. I ein radiotale i BBC 14. januar 1941 oppmodar den tidlegare belgiske justisministeren Victor de Laveleye innbyggjarane i det tospråklege landet til å bruke V-teiknet – første bokstav i franske victoire og nederlandske vrijheid. Den 19. juli same året bruker den engelske statsministeren Winston Churchill symbolet for første gong. Hitler-regimet svarar med å tvinge innbyggjarane i Tsjekkoslovakia til å bruke det som forkorting for Victoria på både frimerke og bilar.
Sist oppdatert: 03.01.2017