Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


30.1.1857 blir stortingsrepresentant og stortingsbiograf Tallak Olsen Lindstøl fødd i Søndeled.
 
30.1.1903 blir forfattaren Anna Sandnes fødd.
 
30.1.1934 blir biskop Bjørn Bue fødd i Sola.
 
30.1.1967 blir NRK-programvert Møyfrid Engeset fødd.
 

All verda språk 

30. januar 1867 døyr den japanske keisaren Komei, og 3. februar tek keisar Meiji over trona. I månadene som følgjer, utløyser dette den såkalla Meijirestaurasjonen.

Ei av endringane som no kjem, er at overklassespråket frå Yamanote-området i Tokyo får status som standardspråk i skulen og dannar grunnlaget for moderne japansk. Meir enn 95 prosent av innbyggjarane i landet har japansk som førstespråk. Okinawa og dei andre Ryuku-øyane tok Japan kontroll over i 1879.

Ein gong før 700 f.Kr. buset mange seg på øya som snakkar gamaljapansk. Over tid er det så lite kontakt mellom Okinawa og Japan at dei to språka kring 1500 er blitt gjensidig uforståelege.

Frå 1945 til 1972 administrerer USA Okinawa, og dette fører til meir kontakt med standard japansk. Styresmaktene fører ein målretta politikk for at innbyggjarane der skal bruke japansk, og knapt nokon lærer dei ulike ryukuspråka i skulen i dag.

Den 16. november 1981 innfører så Japan ei ny rettskrivingsreform. Japansk blir skrive med dei kinesiske kanji-teikna og to sett av kana-stavingsteikn, dessutan det latinske alfabetet, og japanarane bruker det arabiske talsystemet. Med 125 millionar førstespråkbrukarar er japansk eit av dei største språka i verda.
Avis i Japan. Foto: Luis Jou Garci, flickr com CC BY 2.0
Avis i Japan. Foto: Luis Jou Garci, flickr com CC BY 2.0
Sist oppdatert: 30.01.2014