Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

31.1.1964 oppnemner regjeringa Gerhardsen den såkalla Vogtkomiteen for å utgreie den språkpolitiske situasjonen. Nynorskmedlemene er Magnhild Hagelia, Einar Hovdhaugen, Ivar Eskeland og Johs. Aanderaa. Komiteen tek til med arbeidet 15.4. (sjå 23.3.1966, 20.4.1970).
 
31.1.2012 overleverer Nynorsk kultursentrum prosjektplan for Språkåret 2013 til Kulturdepartementet. Planen inneheld ein søknad om 16,5 mill. kr i statleg løyving til prosjektet i 2013. Då statsbudsjettet blir lagt fram 8.10., blir det klart at regjeringa løyver 6,5 mill. kr i tillegg til dei prosjektmidlane som er løyvde tidlegare.
 
 

All verdas språk

 

31. januar 2009 innfører byrådet i Birmingham ny skrivemåte på alle gateskilt ved å fjerne aksentane i namn som Queen’s Street. Byrådet meiner aksentane representerer ein gamaldags skrivemåte, og at dei er forvirrande.

Ti år tidlegare har BBC 23. juli 1999 presentert ei enkel spørjeundersøking der det kjem fram at engelsk er «riddled with misplaced apostrophes, split infinitives, clichés, American forms, and political correctness». Vedtaket i Birmingham er eit uttrykk for eit aukande behov for ei enklare rettskriving i eit språk der lite er blitt endra i formverket dei siste hundreåra, trass i fleire forsøk. I Underhuset røystar 27. februar 1953 såleis 65 for og 53 mot eit framlegg om forenkla rettskriving som aldri blir følgt opp.

Den enkeltpersonen som arbeidde mest for slike reformer, var språkforskaren, puristen og diktaren William Barnes. Han var særleg oppteken av ordtilfanget og ville reinske ut mange ord av gresk, latinsk eller anna utanlandsk opphav som særleg hadde vandra inn i språket i den middelengelske perioden 1066–1470. Han ville hente fram att gamalengelske ord og ord frå mellom anna sin eigen sørvestlege Dorset-dialekt. Slik ville han erstatte ancestors med fore-elders og photograph med sun-print, birdlore skulle kome i staden for ornithology, speechcraft for grammar og wheelcaddle for bicycle.

85 år gamal døyr Barnes 7. oktober 1886 med uforretta sak.

Sist oppdatert: 26.08.2014