Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.1.1898 kjem første nummeret av Næmingen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem i 1906.

4.1.1999 kårar Dagbladet Odd Nordstoga til det nye rocketalentet i 1998 (sjå 19.4.2004).

All verdas språk

4. januar 1881 døyr språkforskaren Neofit Rilski (fødd Nikola Poppetrov Benin) i Rila-klosteret i Bulgaria.

I 1835 gav han ut den første grammatikken for bulgarsk, Bolgarska Grammatika. På denne tida var det strid om skriftspråket skulle byggje på aust- eller vestbulgarske talemål. Rilski ville først fremje dei vestbulgarske talemåla, men i grammatikken prøvde han å sameine dei to talemålsgruppene. Utover på 1900-talet får dei vestbulgarske talemåla større dominans.

Utgangspunktet for språket er det gamle kyrkjeslaviske språket, utvikla til kyrkjebruk frå bulgarske og makedonske dialektar kring 1200. Bulgarsk blir rekna som det eldste slaviske språket og blir brukt av det store fleirtalet av innbyggjarane i landet. Den posisjonen har bulgarsk hatt gjennom skiftande regime, men saman med annan bulgarsk tradisjon kom språket under press i det ottomanske riket frå 1393 og heilt til landet blei sjølvstendig i 1908. Med Lausanne-avtalen av 1923 blir den tyrkiske frigjeringskrigen avslutta. I Bulgaria styrkjer dette bruken av bulgarsk, medan tidlegare bulgarsktalande område i Hellas blir svekte.

Bulgarsk blir offisielt skrive med det kyrilliske alfabetet, og nett det er viktig i Bulgaria. Den 24. mai 1863 blir dagen for slavisk skrift og kultur feira i Bulgaria for første gong. Det blir gjort til ære for brørne Konstantin og Methodios frå Tessaloniki. Ein reknar med at desse forma det eldste kyrkjeslaviske skriftsystemet kring 850. Dette alfabetet blei kalla glagolittisk etter slavonsk ord og tale, og utgangspunktet var gresk skrift. Det første folkespråket i Vesten som dei fire evangelia i Bibelen blei omsette til, var gamalt kyrkjeslavisk. Den omsetjinga stod Konstantin for.

Konstantin døydde som munken Kyrillos 14. januar 869. Seinare gjekk bulgarske lærde med kjennskap til gresk skrift i gang med å revidere det glagolittiske alfabetet. I 893 la dei fram resultatet, det kyrilliske alfabetet kalla opp etter Den heilage Kyrillos.

Ved hundreårsminnet for Neofot Rilski blir Neofit Rilski-museet opna i Bansko i mai 1981.

Sist oppdatert: 09.03.2017