Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.1.1849 publiserer Ivar Aasen den første trykte teksten på nynorsk, «Samtale imellem to Bønder (om Begivenhederne i Udlandet)»” i Morgenbladet, som set til denne merknaden: «Sprogformen er dannet ved Sammenstilling av flere Dialekter».

5.1.1899 kjem første nummeret av Unglyden ut på Voss med Lorents Nybø som redaktør, som framhald av Unge Skud. Siste nummeret kjem 23.12.1967.

5.1.1901 kjem første nummeret av Fjordguten ut i Norheimsund med Torgils Bu som redaktør. Siste nummeret kjem 22.6.1904. Avisa held fram i Søndhordland (sjå 3.1.1919).

5.1.1918 vedtektsfestar årsmøtet i Noregs Mållag at alle lagsbruk, til dømes bondeheimar og kaffistover, skal betale 5 prosent av overskotet etter skatt kvart år i lagsbruksskatt og -avgift til Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag, alt etter kven som eig lagsbruket. Lagsbruk som er eigde av begge organisasjonane, betaler 2,5 prosent til begge (sjå 29.6.1918). 

5.1.1921 skiftar avisa Firda i Førde i Sunnfjord frå riksmål til landsmål som redaksjonsspråk. Avisa var blitt stifta i 1917 og kom ut med eit første prøvenummer 15.12.1917. Stabilt redigert på nynorsk blir avisa likevel først frå 3.1.1925. 

5.1.1933 kjem første nummeret av Møre Bygdeblad ut i Brattvåg med L. Hatlehol som redaktør, etter prøvenummer 10.12.1932. Siste nummeret kjem 12.4.1940.

5.1.1928 kjem første nummeret av Det nye Møre Tidend ut i Ålesund med Hans B. Osnes og O. Gjærder som redaktørar (sjå 11.7.1917). Siste nummeret kjem 8.4.1932. Avisa held fram som Sunnmøre Tidend (sjå 11.4.1932).

5.1.1970 sender Nynorsk Pressekontor ut dei første meldingane sine til om lag 40 aviser (sjå 2.6.1969, 1.12.1969). Meldingane er notisar omsette frå NTB – Reuter. Den første av dei fortel at president Richard Nixon laurdag 3.1. reiste til Bob Hope i Hollywood. Presidenten ville ha førstehands rapport frå Vietnam, der Hope i julehelga gav underhaldningsprogram for amerikanske soldatar. Presidenten sa etterpå at Hope hadde heva moralen til soldatane. Nynorsk Pressekontor sender i førstninga ut meldingar to gonger i veka.

5.1.1996 opnar statsråd Åse Kleveland Ivar Aasen-året 1996 på Café Engebret i Oslo. 1030 arrangement blir gjennomførte i 164 kommunar i alle fylka i samband med denne markeringa av hundreårsminnet for Ivar Aasens død. 700 000 ser to fjernsynsprogram om Ivar Aasen på NRK. Samla kostnader er 6,2 mill. kr.

All verdas språk

5. januar 1945 held den jiddiske språkforskaren Max Weinreich ein tale på ein årleg språkkonferanse ved Det jiddiske forskingsinstituttet i New York. Yidisher Visnshaftlekher Institut (YIVO) var blitt skipa i Vilino i Polen i 1925 og blitt flytta i 1940 for å halde det unna Nazi-Tyskland.

I talen seier Weinreich noko av det som er blitt oftast sitert om språk, og der det er jiddisk han snakkar om: «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» – eit språk er ein dialekt med hær og flåte.

Utsegna skriv seg frå ein high school-lærar i Bronx som høyrde på ei førelesing av Weinreich ein gong mellom 13. desember 1943 og 12. juni 1944, og var denne lærarens svar på sitt eige spørsmål om skilnaden mellom eit språk og ein dialekt.

Meir enn 60 år seinare lanserer den engelske språkforskaren Nicholas Ostler i 2008 i ein artikkel på Internett eit moderne tilsvar: «A language is a dialect with a dictionary, grammar, parser, and a multi-million-word corpus of texts – and they’d better all be computer treatable.»

Sist oppdatert: 14.01.2020