Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


6.1.1880 avviser likningsnemnda med støtte i Grunnlova kritikken frå amtmannen (sjå 6.9.1879).
 
6.1.1908 vedtek regjeringa Løvland ei fornorsking av namn på kommunar og kyrkjesokn i Nordland og Troms (sjå 16.1.1900).
 
6.1.1912 kjem første nummer av vekebladet For Bygd og By med Kristofer Uppdal som første redaktør og Gudveig Høyem som utgivar. Olaf Norli tek over drifta året etter, og siste nummer kjem i 1932.
 
6.1.1912 kjem første nummeret av skjemtebladet Tyrihans med Gudveig Høyem som redaktør og utgivar. Etter kort opphald kjem bladet ut att under namnet Peik i 1913 og held det gåande til 1918.
 

All verdas språk

 

6. januar 1812 blir overlærar og språkreformator Knud Knudsen fødd i Holt ved Tvedestrand. Han går inn for å fornorske det danske skriftspråket gjennom reformer i grammatikk, rettskriving og ordtilfang.
Den første rettskrivingsreforma blir gjennomført i 1862 etter framlegg frå Knudsen, og han gir ut ei rekkje bøker som blir grunnlaget for vidare reformer. Han døyr 1. mars 1895.
På 80-årsdagen hans i 1892 sender mellom andre forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson, Dagblad-redaktøren Lars Holst og historikaren J.E. Sars ut eit opprop med oppmoding om å skipe Norsk Retskrivningssamlag. Føremålet er «at bilægge al unødig strid mellem skrift og tale» og «at indspare tid for alle klasser i samfundet og forkorte veien til kundskab i læsning og skrivning». Laget held første møtet sitt i pinsa same år og vel språkforskaren Moltke Moe til formann. Usemje mellom sentrale personar gjer at laget får lite gjort.

 

 

 

Sist oppdatert: 31.01.2014