Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie 

7.1.1872 held Kristofer Janson den første preika på landsmål i ei kyrkje, i Fåberg kyrkje i Gudbrandsdalen.

7.1.1899 blir det første fylkesmållaget, Austmannalaget, skipa i Elverum med O.A. Eftestøl som formann.

7.1.1915 kjem første nummeret av Havgula ut på Follerøy med Hj. Myhre som redaktør. Siste nummeret kjem 20.7.1916. 

7.1.1927 sender Bondeungdomslaget i Nidaros søknad til regjeringa om at Trondhjem skal heite Nidaros (sjå 1.1.1930).

7.1.1938 fastset regjeringa Nygaardsvold i kongeleg resolusjon nye rettskrivingsreglar for nynorsk og bokmål.

7.1.1973 kjem første nummeret av Kvinnheringen ut på Husnes med Torfinn Myklebust som redaktør.

7.1.1974 blir Løvebakken Mållag skipa med Bergfrid Fjose som første formann.

7.1.1993 kjem første nummeret av Sogn Avis ut på Leikanger med Gerhard Haugland som redaktør.

All verdas språk

7. januar 1938 fastset regjeringa Nygaardsvold i kongeleg resolusjon nye rettskrivingsreglar for nynorsk og bokmål.

I den første felles rettskrivingsreforma 21. desember 1917 var ein del former blitt valfrie. Dei skulle i prinsippet vere jamstilte med dei obligatoriske formene. Ut frå tanken om «ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn» av dei to språka blir eit tonivåsystem innført i 1938: hovudformer til bruk i lærebøker, sideformer som elevane kan bruke. Desse formene står i [klammer] og blir gjerne kalla klammeformer. I bokmål blir dette tonivåsystemet oppheva frå 1. juli 2005, i nynorsk frå 1. august 2012.

I desse meir enn 70 åra tok bokmål opp i seg mange ord frå nynorsk, likeins nynorsk frå bokmål. Den utviklinga må truleg forklarast med meir enn rettskrivingspolitikken.  

Sist oppdatert: 05.01.2018