Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

8.1.1865 blir presse- og ungdomslagsmannen Ivar Flem fødd. Han er redaktør i Sunnmørsposten frå 1894 til 1946.
 
8.1.1884 blir Nils Lavik fødd. Han er stortingsrepresentant for KrF 1934–53.
 
8.1.1909 kjem første nummeret av Rygja Tidend ut i Stavanger med Einride Tveito som redaktør, etter prøvenummer 18.11.1908. Siste nummeret kjem 20.12.1918.
 
8.1.1917 blir skuledirektør Olav Åm fødd i Vindafjord.
 
8.1.1925 kjem første nummeret av Bygdebladet ut i Naustdal med Arne Sølvberg som redaktør. Siste nummeret kjem 14.5.1929.
8.1.2004 går Drangedalsposten i Drangedal over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1989. Det varer så lenge Sigbjørn Høidalen er redaktør, til 2006. Då avisa blei skipa i 1989, var noko stoff på nynorsk, også delar av dei formelle skipingsdokumenta.
 

All verdas språk

 

8. januar 1996 døyr forteljaren Red Thunder Cloud, eller Cromwell Ashbie Hawkins West, 76 år gamal. Han skal vere den siste som talte det amerikanske urfolkspråket catawba, eitt av sioux-språka.
Catawba-folket held til i grenseområdet mellom Nord- og Sør-Carolina. På 1600-talet herja ein kopparepidemi som gjekk hardt ut over mellom andre dette urfolket. Seinare går mange liv tapt i fleire brutale krigar frå 1862 til 1890. Ein massakre ved Wounded Knee Creek i Sør-Dakota står i ei særstilling. Den 29. desember 1890 gjekk 500 soldatar frå kavalleriet til åtak på ein sioux-leir og drap minst 150 menneske.
No held sioux-folket til i reservat og lokalsamfunn i fleire delstatar i USA og i fleire område i Canada. Sioux-folket kan språkleg delast geografisk i tre – austdakota, vestdakota og lakota. Om lag 33 000 taler sioux i USA og Canada – fire urfolkspråk blir brukte av endå fleire: navaho, cree, inuittisk og ojibwe.
Ei anna nemning for inutittisk er kalaallisut, før kalla grønlandsk. Innbyggjarane på Grønland utgjer halvparten av alle som snakkar inuittisk.
Sist oppdatert: 25.08.2014