Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.1.1868 prentar Den norske Folkeskole juleevangeliet på landsmål, omsett av seinare biskop Anton Chr. Bang. Dette er den første bibelomsetjinga til landsmål som blir prenta.

9.5.1891 blir dampskipet D/S «Noreg» sjøsett ved Stenvaagnes Skibsværft i Ålesund. Skipet er bygt for reiarlaget S.M. Kuhnle i Bergen. Det er bygt i furu, eik og nordamerikansk pitch pine, måler 156 fot og er på 471 brutto registertonn. Etter sjøsetjinga blir skipet slept til Bergen Mek. Verkstad.

9.1.1894 kjem første nummeret av Den 17de Mai med Rasmus Steinsvik og Arne Garborg som redaktørar. Bladet blir dagsavis i ein del år frå 1898 og går inn 15.3.1935.

9.1.2003 vedtek styret i NRK etter lengre tids diskusjon at NRK Sogn og Fjordane skal haldast oppe som eige distriktskontor og ikkje slåast saman med NRK Hordaland. Samstundes stadfestar styret at eit nynorsk kompetansesenter skal opprettast. Ei prosjektgruppe under leiing av distriktsprogramsjef Magni Øvrebotten blir oppnemnd.

All verdas språk

9. januar 1192 f.Kr. kan vere dagen då Ugarit, ein fønikisk bystat og eit handelssentrum nord i dagens Syria, bokstaveleg talt blir jamna med jorda av angriparar som har kome sjøvegen.

Ruinar frå Ugarit. Foto: Andrea Taroni, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Ruinar frå Ugarit. Foto: Andrea Taroni, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Ugarit-riket var eit lydrike under det hettittiske imperiet som då utgjorde det meste av dagens Tyrkia og Syria. Den unge herskaren Hammurabi III kunne lite gjere, fordi den ugarittiske flåten var oppteken på anna hald i imperiet. Med øydelegginga går det semittiske språket ugarittisk ut av bruk. Dette blei skrive med både babylonsk og alfabetisk kileskrift, og tekstar på ugarittisk er dei eldste kjende med slik alfabetisk kileskrift. Først på 500-talet f.Kr. blir ein ny landsby bygd opp i nærleiken, som i dag heiter Ra’s Schamra.

Våren 1928 pløgjer den syriske bonden Mahmoud Mella az-Zir marka si i Ugarit, ein liten kilometer inn på land, ein times tid nord for Latakia. Der pløgjer han opp ein stein med innskrift. Syria er under fransk styre, Mahmoud fortel om funnet til styresmaktene, og rapporten hamnar i Louvre i Paris. 30 år gamle Claude Schaeffer får i oppdrag å undersøkje funnområdet arkeologisk, og då arbeidet tek til i april 1929, finn arkeologane raskt mange spor etter ein nekropolis, gravby.

Alt 14. mai finn dei nokre små leirtavler med kileskrift på akkadisk, men også på eit heilt ukjent språk. Etter kvart har dei 3000–4000 leirtavler med innskrifter på dette språket. Ein kjem raskt fram til at funnet må skrive seg frå ein øydelagd bystat, og det ukjende språket får namnet ugarittisk. Åtaket er skildra på nokre av leirtavlene og kom så brått på at nokre leirtavler enno ligg i brannomnane. Bystaten Ugarit med om lag 200 landsbyar viser seg å vere om lag 6000 år gamal og ha dekt nær 3400 km2.

Den tyske forskaren Hans Bauer bruker berre ei veke på å knekkje koden for den ugarittiske kileskrifta. Han presenterer språket på ein kongress for orientalistar i Leipzig i 1932. Kunnskap om ugarittisk har vore svært viktig for tolking av uklare sider ved Det gamle testamentet. I 1978 tek den norske teologen og språkforskaren Kjell Aartun doktorgraden med ei avhandling om ugarittisk.

Sist oppdatert: 23.01.2017