Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.7.1871 kjem første nummeret av bladet Fram med Olaus Fjørtoft som redaktør og utgivar. Siste nummeret kjem 28.2.1874.

1.7.1911 kjem første nummeret av avisa Spegjelen i Trondheim med Albert Joleik som redaktør. Avisa endrar namn til Olsok 1.4.1915 og går inn sommaren 1921.

1.7.1924 kjem første nummeret av Firda Tidend ut på Sandane med Johan Lid som redaktør.

1.7.2005 kårar Nynorsk kultursentrum og NRK P2 Ingebjørn Røren til vinnar i ein konkurranse om gode nynorsk avløysarord i golf. Same dagen avviklar Nynorsk kultursentrum og Volda golfklubb for første gong Dei nynorske golfspela i Vassbotnen i Volda.

Peikarar

Nynorsk golfordliste

All verdas språk

1. juli 2009 tek ei språklov til å gjelde i Sverige.

Lova legg til grunn at svensk skal vere hovudspråket i Sverige, at svensk skal vere eit komplett og samfunnsberande språk, at svensk i offentleg bruk skal vere enkel og forståeleg, og at alle skal ha rett til språk. Lova er vedteken i Riksdagen 28. mai 2009.

Den 1. januar 2010 blir dessutan ei ny svensk lov om minoritetsspråk sett i kraft for finsk, meänkieli, romani chib, samisk og jiddisk. Grunnlaget for den nye språklova var ei utgreiing om svensk språkpolitikk som blei lagd fram i 2003. Den førte til at Riksdagen 7. desember 2005 vedtok fire overordna mål for svensk språkpolitikk som inneber at svensk ikkje skal vere offisielt språk i Sverige:

«Svenska språket ska vara huvudspråk i Sverige. Svenskan ska vara ett komplett och samhällsbärande språk. Den offentliga svenskan ska vara vårdad, enkel och begriplig. Alla ska ha rätt till språk, oavsett modersmål.»

Seinare har det svenske språkrådet gjort 7. desember til Språkpolitikens dag.

Sist oppdatert: 09.03.2017