Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


10.7. 1921 bruker biskop Peter Hognestad Bibelen på landsmål ved festgudsteneste for 25-årsjubileet til Noregs Ungdomslag i Nidarosdomen. Det er første gongen den nye landsmålsutgåva blir nytta i kyrkja. Denne såkalla Fyrebilsbibelen er utgitt av Bibelnemnda åt Studentmållaget i Oslo med ein kostnad på 200 000 kroner. Arbeidet blei sett i gang i 1916. Peter Hognestad har vore leiar for arbeidet med Gustav Indrebø som ansvarleg for språkføringa, men det er Alexander Seippel som har omsett to tredelar. Før året er omme, er 11 626 eksemplar selde, og heile førsteopplaget på 50 000 eksemplar er utselt etter ti år. I det 20. hundreåret blir det selt 1,4 millionar eksemplar av Bibelen og Det nye testamentet på nynorsk. Av nynorskbøker er berre Nynorsk ordliste kjøpt av fleire.
 
Les meir om bibelomsetjing.
 

All verdas språk

10. juli 1962 blir kommunikasjonssatellitten Telstar skoten opp frå Cape Canaveral i USA. Den gjer det mogleg å sende fjernsynssignal, lyd og bilete mellom Amerika og Europa.
Satellitten er 87 cm lang og veg 17 kg. Signala kan berre sendast og takast imot når satellitten er over Atlanterhavet, og det vil seie sendingar på 20 minutt for kvar to og ein halv time. Den første offentlege sendinga blir avvikla 23. juli. Dette er ei samsending mellom studio i Brussel og New York, med Walter Cronkite (CBS), Chet Huntley (NBC) og Richard Dimbleby (BBC).
Dei første bileta er av Eiffeltårnet og Fridomsgudinna i New York. President John F. Kennedy skal vere den første som seier noko, men signala kjem inn før han er klar, og i staden blir det sendt eit lite utdrag frå ein baseballkamp. Etterpå kjem eit innslag frå ein pressekonferanse der Kennedy snakkar om prisen på amerikanske dollar.
Same kveld formidlar Telstar den første telefonsamtalen som har gått via verdsrommet. Telstar er i bruk berre nokre månader og går av lufta 21. februar 1963, men svevar enno i verdsrommet.  
Sist oppdatert: 25.02.2014