Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11.7.1864 blir mållagskvinna Gunda Enge fødd i Østre Gausdal.

11.7.1883 blir Hans Svarstad fødd i Innvik. Han er stortingsrepresentant (H) 1937–53.

11.7.1917 kjem første nummeret av Møre Tidend ut i Ålesund med Klaus Sletten som redaktør. Siste nummeret kjem 28.12.1927.

11.7.1924 blir journalist Anne Johanne Kvale fødd i Førde.

11.7.1947 blir Petter Åsmund Løvik fødd i Volda. Han er stortingsrepresentant (H) 1997–2007.

11.7.1953 drøftar Stortinget ein interpellasjon om jamstillingsvedtaket frå 1885 frå Anders J. Bøyum. Ordskiftet blir avslutta med ei samrøystes oppmoding frå Stortinget til regjeringa om å få fortgang i arbeidet med språkleg jamstilling i Noreg. 

11.7.1964 sender NRK TV «Rævkrok og hallingkast» med 21 år gamle Dag Aanderaa som programleiar. Blant utøvarane er Torgeir Fonnlid, Sigbjørn Bernhoft Osa, Nils letta og Jørgen Tjønnstaul. Denne «Laurdagskveld til sæters» er det første underhaldningsprogrammet på nynorsk i NRK TV.

11.7.1972 blir teikneserieskaparen Jens K. Styve fødd på Hjelmås.

All verdas språk

11. juli 1770 møter den engelske marinekapteinen og oppdagaren James Cook urfolk nordaust i Australia som taler guugu yimidhir. Møtet fører til at dette språket som det første urfolksspråket i Australia blir skrive ned.

Abor

Aboriginar frå Nordterritoriet i Australia. Aboriginar er eit australske urfolk. Her frå festivalen Canberra Multicultural Festival (2008). Foto: Asela Abhayapala, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Cook er ute på den første store sjøreisa si som tok til 26. august 1768, men har no grunnstøytt med barken HM «Endeavour» på Great Barrier Reef. Det tek sju veker å reparere skipet, og noko av ventetida bruker Cook og mannskapet til å skrive ned ord frå guugu yimidhir. Med i følgjet er vitskapsmannen Joseph Banks. Han omtaler språket som “totally different from that of the Islanders; it sounded more like English in its degree of harshness tho it could not be calld [sic] harsh neither”.

Eit av dei orda James Cook noterer, er tidfesta 4. august 1770: «kangooroo or kanguru» – kenguru. På guugu yimidhir blir gangurru brukt om grå kenguruar.

Det som etter kvart blir australsk engelsk, skil seg frå britisk engelsk særleg i uttalen av vokalane.

Sist oppdatert: 16.07.2018