Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.7.1896 blir Noregs Ungdomslag skipa i Trondheim av 18 representantar frå 7 fylkeslag med Peter Slotsvik som første formannen.

12.7.1897 tek Stortinget med 65 mot 47 røyster å sende over til regjeringa ei ”Anmodning om at lade Lovtexten i kongelige Propositioner til Love affatte saavel i LandsMaal som i det almindelige Bogsprog, hvor saadant findes hensigtsmæssigt, og at forelægge Storthinget en Plan angaaende Udgivelse i Landsmaal af gjældende Love”. I 1898/99 kjem det to slike proposisjonar, men først i 1920 blir neste lov på landsmål vedteken.

12.7.1920 kjem første nummeret av Fjordabladet ut på Nordfjordeid med Jens Nederhagen som redaktør. Avisa er eit framhald av Fjordenes Blad som har kome ut frå 1874 og som no får nytt namn og nytt redaksjonsspråk.

All verdas språk

12. juli 1991 får Bulgaria ei ny grunnlov som slår fast at bulgarsk er det offisielle språket i landet.

Nasjonalbiblioteket i Bulgaria. Foto: Dennis Jarvis, Flikr.com CC BY-SA 2.0.

Nasjonalbiblioteket i Bulgaria. Foto: Dennis Jarvis, Flikr.com CC BY-SA 2.0.

Alle innbyggjarar har rett og plikt til å lære språket. Det gjeld også for dei som innvandrar til Bulgaria, men desse har også rett til å lære og å bruke sine eigne språk. Gjennom eigne lover kan det fastsetjast område der berre bulgarsk skal brukast.

Bulgarsk er eit sørslavisk språk som skriv seg frå gamalkyrkjeslavisk. Dette er det eldste slaviske skriftspråket, dokumentert frå 863. Med misjonærar spreier gamalkyrkjeslavisk seg til Bulgaria frå 885. Ei kort tid har det sitt eige alfabet, før det kyrilliske tek over.

På 1000-talet oppstår regionale skilnader innanfor det språket som med tida går frå å vere gamalkyrkjeslavisk til å bli kyrkjeslavisk. Patriark Nikon fastset i 1682 at det skal vere liturgispråket i den slavisk-ortodokse kyrkja, og det er det til dels enno.

Alt i 893 blir gamalkyrkjeslavisk statsspråk i det bulgarske riket. Seinare er Bulgaria ein del av det ottomanske riket fram til landet blir sjølvstendig i 1908. Då har tanken om eit eige skriftspråk lenge gjort seg gjeldande, med ein første grammatikk i 1835. Bulgarsk skil seg frå andre slaviske språk mellom anna ved at det manglar kasus for substantiv.

Om lag 85 prosent av innbyggjarane i Bulgaria bruker bulgarsk, 10 prosent taler i tillegg tyrkisk og 4 prosent romanés. Tyrkisk i Bulgaria er ein dialekt som skil seg klart frå tyrkisk talt i Tyrkia, og som har eit noko anna ordforråd.

Sist oppdatert: 09.03.2017