Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
 
13.7.1851 kjem Ivar Aasen til Tromsø, det nordlegaste punktet på dei mange ferdene hans.
 
13.7.1889 kjem første ordinære nummer av det kristelege bladet Stille Stunder. Heile tida sidan har bladet kome ut utan avbrot, no på Voss (sjå 25.5.1889).
 
13.7.2009 passerer Nynorsk Wikipedia 50 000 artiklar (sjå 1.8.2004).
 

All verdas språk

13. juli 2001 avgjer Den internasjonale olympiske komiteen at dei olympiske sommarleikane i 2008 skal arrangerast i Beijing.

Arrangørlandet gjer meir enn å byggje nye anlegg. Dei gjer det klart at om lag 600 000 menneske må lære seg engelsk om dei vil halde på jobbane sine i transportnæring, handel, sørvis og offentleg forvaltning. Radiostasjonane sender mengder med språkkurs i engelsk, og for den veksande middelklassen får engelsk jamt høgare status. Med slagordet «One World, One Dream» tek innbyggjarane i Beijing imot 11 000 utøvarar frå 204 land.
Fakkelstafetten tek til i Olympia i Hellas 24. mars 2008 og strekkjer seg over 137 000 km fram til opningsseremonien 08.08.2008 kl. 20.00 lokal tid. I kinesisk kultur er talet 8 knytt til velstand og tryggleik. I mars 2009 legg den kinesiske organisasjonskomiteen fram ein rekneskap som viser at arrangementet kosta minst 86 milliardar kroner.
Sommarleikane er ein del av det nye Kina, verdslandet med mektig økonomisk vekst. På éin dag i 2008 eksporterer Kina varer for like stor verdi som i heile 1978. Dette har opna grensene for engelsk import, og på få tiår etter Maos kulturrevolusjon har det engelske språket fått høg sosial status. Alt 1. juni 1981 kjem første nummeret av den første engelske dagsavisa i Kina, China Daily. Opplaget er i dag på om lag 300 000 eksemplar, og ein tredel av dette går ut av Kina.
Foto: whatleydude, flikr.com cc by 2.0
Foto: whatleydude, flikr.com cc by 2.0
Sist oppdatert: 04.03.2014