Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.7.1828 blir spelemannen Ola Sjursson Mosafinn fødd på Voss.

14.7.1871 blir filmsensor Arne Halgjem fødd i Os.

14.7.1874 blir tradisjonssamlaren Torleiv Hannaas fødd i Hornnes. Han er formann i Noregs Mållag 1926–29.

14.7.1875 blir redaktør Ludvig Torstein Kristoffersen Bru fødd i Strandebarm.

14.7.1896 blir litteraturforskaren Rolv Thesen fødd i Moskenes.

14.7.1962 blir tidsskriftredaktør Bente Riise fødd på Hareid.

All verdas språk

14. juli 1868 har den amerikanske boktrykkjaren og oppfinnaren Christopher Latham Sholes klar sin første skrivemaskin, laga saman med Carlos Glidden og Samuel W. Soulé i Kleinsteuber's Machine Shop i Milwaukee. 

Deira grunnleggjande tekniske løysingar blir retningsgivande for all seinare produksjon av manuelle skrivemaskinar. Bokstavane blir plasserte på tastaturet ut frå prinsippet om at dei bokstavane som blir mest brukte, skal stå langt frå kvarandre, slik at ein skal unngå at bokstavar kjem i klemme.

Sholes sel rettane til våpenprodusenten Remington Arms i New York. Dei set Sholes & Glidden Type-Writer i sal frå 1. juli 1874. Maskinen har 44 tastar og skriv berre store bokstavar.

Det 20. hundreåret er stordomstida for skrivemaskinen. I 1902 lagar Blickensderfer Manufacturing Company i Stamford den første elektriske skrivemaskinen. Gjennombrotet står Remington og IBM for frå 1929. IBM Executive med proporsjonal skrift kjem på marknaden i 1947, og i 1962 lanserer IBM kulehovud på modellen IBM 72. Dermed kan ein veksle mellom ulike skriftfontar i eitt og same dokument. Det er også IBM som introduserer rettetasten.

Frå 1981 tek pc-en gradvis over, og eit selskap som IBM sel skrivemaskindelen av verksemda til Lexmark i 1991. Året etter donerer produsenten Brother sin siste skrivemaskin til Science Museum i London.

Manuelle skrivemaskinar er framleis ein nødvendig føresetnad i mange land og skriftkulturar der det skortar på straum. I 2015 er Shanghai Weilv Mechanism Co. truleg den siste produsenten av mekaniske skrivemaskinar.

Sist oppdatert: 21.02.2019