Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.7.1808 gir Kongen Sivert Aarflot løyve til å opne trykkjeri på Ekset i Volda.
 
15.7.1991 tek digitaliseringa av Grunnmanuskriptet til som del av Dokumentasjonsprosjektet ved Historisk-filosofisk fakultet, Universitetet i Oslo. Dette er eit ordbokmanuskript på 13 500 A4-sider som redaksjonen i Norsk Ordbok laga i 1930-åra på grunnlag av alle dei største ordbøkene og med definisjonar på nynorsk. Digitaliseringa er ferdig seinhaustes 1992 (sjå august 1992 og august 1994).
 
15.7.1921 er den første komplette utgåva Bibelen på landsmål i vanleg sal. Opplaget er på 50 000 eksemplar, fordelt på 40 000 i ei folkeutgåve og 10 000 i ei finare utgåve trykt på indiapapir (sjå 10.7.1921, 15.4.1930, 31.12.1935 og 18.8.1938).
 

All verdas språk

15. juli 1799 finn den franske offiseren Pierre-François Bouchard den såkalla Rosetta-steinen i Memphis sør for Kairo i Egypt.

Den 114 cm lange og 762 kg tunge steinen i svart granitt er eit brot frå ein større bautastein, reist etter kroninga av Ptolemaios V. Han er bestefar til dronning Kleopatra, og innskrifta er datert til 27. mars 196 f.Kr. Steinen blir levert til Institut de l’Égypte i Kairo.

Franske soldatar frå Napoleons felttog held på og forbetrar forsvarsstillinga si då Bouchard finn steinen. Den franske hæren kapitulerer to år seinare. England går med på at notat og slikt frå det vitskaplege arbeidet blir verande i Frankrike, men alle gjenstandar blir utleverte til England.

Eit forsøk på å smugle Rosetta-steinen til Frankrike går skeis, og steinen endar på Nritish Museum i London. Ved 250-årsjubileet for British Museum i juli 2003 krev Egypt utan hell at steinen blir send attende. 

Rosetta- steinen i British Museum. Foto: Michael McDonough. CC BY 2.0
Rosetta-steinen i British Museum. Foto: Michael McDonough, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Rosetta-steinen inneheld 14 linjer gamalegyptiske hieroglyfar, 32 linjer demotisk skrift og 54 linjer i gamalgresk. Egyptarane bruker skriftsystemet hieroglyfar med få endringar i om lag 3400 år. På 600-talet f.Kr. kjem ei forenkla skrift som senare blir kalla demotisk, ‘populær’. Gresk blei eit vanleg språk i Egypt då Aleksander den store frå Makedonia tok kontrollen over landet på 300-talet. Den siste innskrifta med hieroglyfar er datert 394 e.Kr., den siste demotiske er frå 452 – og begge blei funne på øya Philae.

Rosetta-steinen ber altså i seg 3000 år skriftkultur frå eit fleirspråkleg samfunn og blir eit vendepunkt i forståinga av gamle egyptiske tekstar.

Teksten er ei kunngjering frå eit prestekonvent i Memfis i Egypt. Fleire prøver å forstå innskriftene. Den som knekkjer koden, er ein av dei meste gåverike språkforskarane i historia. 19 år gamal legg egyptologen Jean-Francois Champollion fram ein heilt ny teori om den egyptiske skrifta i 1809. Arbeidet held fram, og i eit foredrag for Académie des Inscriptions et Belles-Lettres i Paris 27. september 1822 legg han fram svaret på det som i fleire tiår har vore eit problem i kulturvitskapen: å forstå hieroglyfane.

På vel 2000 m2 dokumenterer Musée Champollion i Figeac ei verdshistorie om språka.

Nærbilete av rosetta- steinen. Foto: Nick Treby, CC BY 2.0  

Nærbilete av rosetta-steinen. Foto: Nick Treby, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Sist oppdatert: 29.05.2017