Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
16.7.1938 kjem første teikneseriestripa med Smørbukk i Norsk Barneblad, teikna av Jens R. Nilssen. Serien får fast plass på baksida av bladet i mange tiår.
 

All verdas språk

 
16. juli 1860 blir den danske språkforskaren Otto Jespersen fødd i Randers.
I åra 1893–1925 er han professor i engelsk ved Universitetet i København. Her gir han i tida 1897-99 ut Fonetik i tre delar. Den første planen for boka presenterte han alt 24 år gamal 4. november 1884. Boka blir eit standardverk i europeisk språkvitskap.
«Dens betydning», skriv han seinare i moemoarane sine i 1938, «ligger i at den i temmelig bred og letlæselig form samler ikke alene det bedste og sikreste av hvad andre forskere har nået til, men også en mængde av mig selv iagttagne fænomener fra ikke helt få sprog.»
I den same boka grunngir han i eit eige kapittel kvifor han ikkje følgjer gjeldande dansk rettskriving med store forbokstavar i substantiv. Denne skikken breidde seg i seinmellomalderen og utover på 1500-talet, og etter periodar med skiftande praksis er det i trykte tekstar blitt heilt vanleg med store forbokstavar i substantiv på 1800-talet. Dette mønsteret i dansk rettskriving er henta frå den tyske.

Jespersen er med i det internasjonale esperantomiljøet, og i 1928 presenterer han sitt eige planspråk novial i boka An International Language. Han døyr 30. april 1943.
Sist oppdatert: 04.03.2014