Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.7.1902 blir den norskislandske forfattaren Albert Olafsson fødd i Mýrarsýsla på Island.

17.7.1948 blir journalist Bjarne Grevsgard fødd i Skurdalen.

17.7.1990 vitjar leiaren i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget, Theo Koritzinsky, Ivar Aasen-museet i Ørsta (sjå 12.9.1990).

All verdas språk

17. juli 1996 blir Samveldet av portugisiskspråklege land (Comunidade dos Países de Língua Portuguesa, CPLP) skipa av sju land som eit fleirlateralt forum for nasjonar med portugisisk som offisielt språk.

Alt i 1965 gjekk den dåverande diktatoren i Portugal António de Oliveira Salazar inn for å skipe ein slik organisasjon for å etablere noko som kunne bli ei portugisisk stormakt. Framlegget fekk lite støtte av di Brasil orienterte seg mot USA og dei portugisiske koloniane tok sikte på å frigjere seg. I 1974 tok Portugal til på overgangen til demokrati, og først frå 1983 kom Portugal og dei tidlegare koloniane på talefot att.

Organisasjonen er ein parallell til den franske L’Organisation internationale de la Francophonie, skipa under eit anna namn i 1967 og omorganisert i 1970 og 1998. I dag har CPLP ni medlemsland og to assosierte medlemsland.  
Akademia for portugisisk fastset 16. desember 1990 Acordo Ortográfico da Língua Portuguesa som er ei felles rettskriving for portugisisk i alle land med portugisisk som offisielt språk. Med meir enn 200 millionar brukarar er portugisisk eit av dei største språka i verda – berre fem andre blir brukte av fleire. 

Sist oppdatert: 18.02.2019