Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.7.1922 blir redaktør Paul Breiehagen fødd i Ål i Hallingdal.

18.7.1958 blir komponisten og musikaren Gabriel Fliflet fødd.

18.7.1975 blir journalist Noralv Pedersen fødd.

18.7.1896 kjem første nummeret av Ungdom ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa er eit framhald av Vestmannen. Siste nummeret kjem 27.9.1901. Avisa held fram i Sygna.

18.7.1933 kjem første nummeret av Nordfjord Folkeblad ut i Måløy med Per Osdal som redaktør. Siste nummeret kjem 5.1.1952.

All verdas språk

18. juli 1926 blir den amerikanske språkforskaren Joshua Fishman fødd i Philadelphia. Jiddisk er den språklege familiebakgrunnen hans, og dette er eitt av dei mange språka han har utforska.

Fishman har særleg arbeidd med språkplanlegging, tospråklegheit og språksosiologi. Han har analysert systematisk årsaker til at språk går ut av bruk, og ulike nivå av trugsmål for ei slik utvikling. Dette blei ein Richter-skala for språk: Graded Intergenerational Disruption Scale (GIDS) frå 1991 er delt i åtte nivå, der 8 er mest utsett og 1 er minst utsett.

Denne tenkinga har Unesco brukt i si kartlegging av truga språk ved å skilje mellom språk som er utrygge, avgjort truga, alvorleg truga, kritisk truga og ute av bruk.

Summer Institute of Linguistics i Dallas har frå 2013 utvida systemet slik at det også går fram kor robust eit språk er. Frå den 17. utgåva av Ethnologue er dermed all verdas språk plasserte i ein av 12 kategoriar: internasjonalt, nasjonalt, regionalt, vidare kommunikasjon, opplæring, i utvikling, livskraftig, truga, skiftande, døyande, nesten utrydda, sovande. Som nasjonale språk er bokmål og nynorsk blant dei 100 mest vitale språka i verda.

Sist oppdatert: 09.03.2017