Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.7.1879 melder Andreas Hølaas under signaturen A.H. den nye boka Norigs Soga. Til Heimelesning og Bruk fyr Lærarar av Steinar Schjøtt i Fedraheimen. Det Norske Samlaget gir ut denne første boka av Schjøtt, og den kjem i åtte utgåver fram til 1920. 

 

All verdas språk

19. juli 1901 blir den II. Orthographische Konferenz avslutta i Berlin. Konferansen etablerer ei einskapleg rettskriving for tysk ved å føre vidare skulereglar i Prøyssen og det som alt er gjort av Konrad Duden gjennom hans ordbokverk Duden frå 1872.


Vedtaka blir i 1902 stadfesta i forbundsrådet og riksrådet i Austerrike og i Sveits. Same året kjem ei ny utgåve av Duden, og for første gong har Konrad Duden no hatt med seg ein redaksjon i arbeidet.

Ein av dei første som normerer tysk, er Justus Georg Schottel. Han gir i 1663 ut Ausführliche Arbeit Von der Teutschen HaubtSprache, ei bok på nær 1500 sider. Her argumenterer han som den første for eit felles tysk språk: «Die hochdeutsche Sprache … ist nicht ein Dialectus eigentlich, sondern Lingua ipsa Germanica.»

I det vidare arbeidet med tysk rettskriving får forfattaren Johann Christoph Gottsched mykje å seie med boka Grundlegung einer deutscher Sprachkunst i 1748. I det heile er diktarane viktige meiningsdannarar i normering av tysk på 1700- og 1800-talet, til organiserte tiltak som Orthographische Konferenz tek meir over. Den første av desse konferansane blir halden i 1876 for å etablere ei felles rettskriving i det nye Deutsches Reich.
Sist oppdatert: 09.06.2020