Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


2.7.1910 går avisa Møre i Volda over til nynorsk etter å ha vore redigert på riksmål frå 1902.
 
 
 

All verdas språk

 
2. juli 1266 gir den norske kongen Magnus Lagabøte frå seg Man og Hebridane (då kalla Suderøyane) til den skotske kong Alexander III ved ein traktat i Perth.
For dette skal den norske kongen få 4000 mark og ei årleg avgift på 100 mark. Til gjengjeld garanterer den skotske kongen vidare norsk herredøme over Orknøyane og Shetland (då kalla Hjaltland), som har vore under norsk styre sidan 875. Det herredømet varer til Skottland annekterer Orknøyane og Shetland 20. februar 1472.
Islay, Hebridane. Foto: Graeme Law, flickr.com CC BY.0
Islay, Hebridane. Foto: Graeme Law, flickr.com CC BY.0
Innbyggjarane i Skottland kom i si tid frå Nord-Irland, då kalla Scotia. Kring 400 e.Kr. invaderte dei norddelen av England, i Romarriket kalla Caledonia. Frå desse har landet fått namnet Skottland.
Overføringa av herredøme i 1266 er ein arv frå den vikingtida som tok slutt etter 1066. Den kan seiast å ha teke til med at nordiske vikingar 8. juni 793 plyndrar og øydelegg det velståande klosteret Lindisfarne på Holy Island i Nord-England. Nordmennene held seg mest i Skottland og ute på øyane, danskane i England.
Desse språkmøta fører mange gamaldanske og gamalnorske ord inn i engelsk, så mange at dei i dag utgjer om lag sju prosent av daglegtalen. To slike ord er bag og egg.
Nettopp egg var særleg brukt i nord, medan ein lenger sør gjerne brukte eyren. Då William Caxton i 1476 set i gang det første engelske trykkjeriet nær dagens Westminster Abbey i London, må han gjere mange rettskrivings- og ordval. I dette tilfellet står det mellom eyren og egg, og Caxton vel egg.
Frå 1470 er Skottland ein sjølvstendig stat til den såkalla parlamentsunionen 1. mai 1707 gjer landet til ein del av Storbritannia.
I Ulster i Nord-Irland blir ullans eller ulsterskotsk brukt. Den 8. mars 1999 gjer regjeringane i Storbritannia og Irland ein avtale der det mellom anna heiter at “’Ullans’ is to be understood as the variety of the Scots language traditionally found in parts of Northern Ireland and Donegal”.
 
Sist oppdatert: 02.07.2014