Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.7.1923 går det ut skriv frå Postverket med påbod om at postmeistrane skal leggje spørsmålet om målform fram for kommunestyra. Dette er den første offentlege røystinga om målbruk i offentleg forvaltning (sjå 22.3.1924).

All verdas språk

20. juli 1869 reiser diktaren Henrik Ibsen til Stockholm for å vere med på eit første nordisk rettskrivingsmøte 25.–30. juli saman med 16 andre språkfolk frå Sverige, Danmark og Noreg, mellom dei Knud Knudsen.

Ibsen blir i Stockholm heilt til 29. september. Kong Carl XV tildeler han sin første orden, Vasa-ordenen, og han er nøgd: «Jeg lever her i en uophørlig Række af Festligheder.» To år tidlegare har han gitt ut Peer Gynt, og denne hausten reiser han vidare frå Stockholm via Dresden, Paris og Marseilles til Egypt. Den svensk-norske kongen har invitert han til opninga av Suezkanalen.

Rettskrivingsmøtet er uoffisielt og kan berre vedta tilrådingar. Desse tilrådingane dreiar seg mest om forenkla rettskriving som kan fremje større einskap mellom dei skandinaviske språka.

To av framlegga er å innføre bokstaven å for aa og å skrive substantiv med små forbokstavar. Det gjer både Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og mange andre, men offisielt innfører Noreg å først i 1907, og Danmark ventar heilt til 1948 med begge delar. Difor manglar å i det danske alfabetet som Arne Jacobsen formgir i 1937. Han gir seg med z.

Sist oppdatert: 21.02.2019