Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.7.1851 vedtek Stortinget samrøystes å gi Ivar Aasen 300 spesidalar i fast årleg løn til ”Forskninger vedr. det norske Folkesprog”. Summen blir seinare auka fleire gonger, sist i 1881 til 3000 kr.

21.7.2016 lanserer SwiftKey betaversjonen av mobiltastatur med nynorsk rettskriving, Denne programvara er tilgjengeleg for Android-telefonar og kan lastast ned gratis frå Google Play Store. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda. SwiftKey har hovudsete i London og skriv i ei pressemelding: « Vi veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ønskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda.»

All verdas språk

 
21. juli 1969 taler for første gong eit menneske frå ein annan himmellekam enn Jorda.

Den amerikanske astronauten Neil Armstrong går kl. 03.56 norsk tid ned frå landingsfartøyet The Eagle på månen og seier: «That’s one small step for a man, one giant leap for mankind.»

Sjå video frå NASA, då Armstrong set føtene på månen:
Saman med Edwin «Buzz» Aldrin og Michael Collins har han reist frå Jorda 16. juli. Aldrin og Armstrong er på månen i 21 timar og 31 minutt, og då dei kjem attende 24. juli, har dei med seg 21,5 kilo månestein.

I åra fram til 1972 landar fem ekspedisjonar til på månen. Det amerikanske månelandingsprosjektet tok til med ei erklæring frå president John F. Kennedy i Kongressen 25. mai 1961: “I believe that this nation should commit itself to achieving the goal, before this decade is out, of landing a man on the Moon and returning him safely to the Earth. No single space project in this period will be more impressive to mankind, or more important in the long-range exploration of space; and none will be so difficult or expensive to accomplish.”

Det heile kosta 23,9 milliardar dollar, men pengemangel gjer at gamle videoband må brukast på nytt. Dette er truleg grunnen til at det amerikanske originale videoopptaket frå månelandinga er borte.
Sist oppdatert: 29.05.2017