Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


22.7.1884 blir forfattaren Halvor Floden fødd i Trysil.
 
22.7.1859 blir folkehøgskulelæraren Vilhelm Kristian Flugeim fødd i Sogndal.
 
22.7.1893 blir forfattaren Torvald Tu fødd på Klepp.
 
22.7.1918 blir skulehistorikaren Olav Sunnanå fødd på Heskestad.
 
22.7.1948 blir Oddbjørg Ausdal Starrfelt fødd på Klepp. Ho er stortingsrepresentant (Ap) 1993–2005.
 

All verdas språk

22. juli 1604 sender kong James I av England brev til erkebiskop Richard Bancroft og bed han oppmode alle kyrkjefolk om å gi pengar til arbeidet med å omsetje og gi ut Bibelen på engelsk.

Den første komplette omsetjinga til middelengelsk blei til etter eit initiativ frå John Wycliffe og låg føre i 1382. Tidleg på 1500-talet tek erkebiskopen av Canterbury, Thomas Cranmer, til orde for å erstatte den latinske liturgien i kyrkjene med ein liturgi på engelsk. The Book of Common Prayer dekkjer behovet då den kjem i 1549 og blir svært mykje brukt, men også forboden for eit kortare tidsrom 1645–60. Under dronning Elisabeth I 1558–1603 blir retten til å lese Bibelen på engelsk slått fast.

På The Hampton Court Conference i januar 1604 går kyrkjefolk frå heile England inn for ei ny omsetjing av Bibelen for å løyse ei rekkje teologiske problem. 47 fagfolk arbeider i fleire år, omsetjinga er ferdig i 1608, og i 1611 ligg King James’ Bible føre. Saman med skriftene av William Shakespeare blir denne omsetjinga grunnlaget for moderne engelsk. Då Joseph Smith 26. mars 1830 gir ut The Book of Mormon, har han brukt mange ordleggingar og utdrag frå 1611-Bibelen og frå ei eldre omsetjing frå 1526 som var svært omstridd i si samtid. 

King James’ Bible
King James’ Bible frå 1611. Foto: FirewallJC, flickr.com CC BY 2.0

I 1611-omsetjinga blir ein fugl alltid kalla fowl, ikkje bird. Omsetjarane støttar seg tungt på det William Tyndale gjorde då han i februar 1526 gav ut Det nye testamentet på engelsk. Meir enn dei fleste forenkla Tyndale det engelske språket, men han fall i unåde med omsetjingsarbeidet sitt.

Nytestamentet vil han prente i Köln, men der grip senatet inn og nektar næringsdrivande i byen å ha noko å gjere med Bibelen på eit «vulgært» språk. Difor må Tyndale vidare til Worms for å få fullført trykkinga. Då bøkene kjem til England, samlar biskop Cuthbert Tunstall saman store delar av partiet og brenner dei engelske nytestamenta i oktober 1526 på St. Paul’s Cross i London.

Tyndale gir ikkje opp, set i gang ny prenting i Antwerpen, no med delar av Det gamle testamentet. Bøkene kjem til England sommaren 1530. Tyndale blir arrestert og dømd til døden. Tyndales siste ord før han blir kvelt og brend 6. oktober 1536 skal ha vore: «Oh Lord, open the King of England’s eyes.»

Sist oppdatert: 07.05.2019