Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.7.1914 blir forfattaren Alf Prøysen fødd.
 
23.7.1955 blir kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg fødd.
 

 

All verdas språk

23. juli 2008 vedtek det franske parlamentet i artikkel 75-1 i grunnlova eit tillegg som fastset at dei regionale språka er ein del av den franske kulturarven.
Vedtaket markerer ei tverrvending etter eit ganske motsett lovvedtak i 1994. Skiftande regime flyttar tyngdepunktet mellom det franske riksspråket og dei mange historiske regionspråka i landet. Så seint som 18. januar same året avviser det same parlamentet å signere Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
Like sidan den franske revolusjonen i 1789 har minoritetsspråka vore eit politisk problem for makthavarane. Først i 1951 godtek franske styresmakter baskisk, bretonsk, katalansk og oksitansk som skulefag, og frå 1974 kjem korsikansk inn på same lista.
Oksitansk var i høgmellomalderen eit språk med høg prestisje, men blir i hundreåra etterpå pressa ut av fransk. Framleis snakkar likevel mange oksitansk i Sør-Frankrike, truleg om lag 2 millionar menneske.
I Bretagne blir bretonsk, eit keltisk språk som vandra inn frå England på 900-talet, talt eller forstått av om lag ein million.
Foto: Beatriz Sivent, CC BY 2.0
Foto: Beatriz Sivent, CC BY 2.0
Nordaust i Frankrike taler om lag 1,5 millionar innbyggjarar i Alsace-Lorraine alsassisk, som rommar fleire tyske dialektar.
Baskisk, katalansk og korsikansk har historisk vore brukt av mange, og desse språka blir i dag talte av nærmare 200 000 innbyggjarar i Frankrike.
Sist oppdatert: 05.03.2014