Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.7.1857 blir presten og forfattaren Ivar Julius Mortensson Egnund fødd i Alvdal.
 
24.7.1906 blir forfattaren Bjørn Rongen fødd på Evanger.
 
23.7.1943 blir bokhandlaren Ola Perstølen fødd i Ål i Hallingdal.
 
24.7.1956 blir omsetjaren Øystein Rosse fødd.
 

All verdas språk

24. juli 1534 plantar den franske sjøfararen Jacques Cartier ein ti meter stor kross i Baie de Gaspé nordaust i dagens Quebec med innskrifta «Lenge leve den franske kongen». Sjølv blir han der i første omgang berre den første vinteren, men dette blir grunnlaget for Quebec som franskspråkleg område i Canada.
Skilt i Quebec.  Foto: caribb, flickr.com CC BY 2.0
Skilt i Quebec.  Foto: caribb, flickr.com CC BY 2.0
Quebec blir formelt grunnlagt av den franske oppdagingsreisande Samuel de Champlain 3. juli 1608. Som den første europearen reiser han vidare på Dei store sjøane og etablerer kontakt med mange etniske grupper, men i 1620 gir den franske kongen Ludvig 13. han ordre om å etablere seg i Quebec.
Den nye byen former ein etablert urfolkbusetnad om til ei festning, og urfolka sine irokesiske språk blir erstatta med fransk. I 1763 tek britiske styresmakter kontroll over byen, og frå 1867 er Quebec hovudstaden i Province of Quebec. Desse politiske endringane påverkar i liten grad språkbruken i Quebec. Den dag i dag taler ni av ti innbyggjarar fransk, og posisjonen for fransk i området har hatt mykje å seie for den tospråkspolitikken Canada har ført sidan 1969.
Kvart år i mars sidan 1990 er Semaine provinciale de la fierté française / Provincial French Pride Week blitt feira i Canada.
Sist oppdatert: 05.03.2014