Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.7.1906 blir presten Ola Mæle fødd i Aure.

25.7.1950 blir musikkforskaren Ola Kai Ledang fødd i Namsos.

All verdas språk

25. juli 1946 sprengjer USA atombomba Baker 27 meter under havoverflata på Bikini, ei av Marshalløyane i Stillehavet. Sprenginga er ein del av Operation Crossroads. Ei første bombe Able er blitt sprengd 1. juli, men ei tredje planlagd sprenging – Charlie – blir avlyst.

Atombomba Baker går av på atollen Bikini, i 1946. Foto: United States Departement of Defence. Ingen CC.
Atombomba Baker går av på atollen Bikini, i 1946. Foto: United States Departement of Defence. Ingen CC.

Berre fire dagar etter den første sprenginga presenterer den franske bilformgivaren Louis Réard 5. juli ei ny badedrakt på det offentlege badet Piscine Molitor i Paris som han kallar bikini. Slagordet kan ingen misforstå: «Like the bomb, the bikini is small and devastating.» Ingen vanlege modellar vil vise det nye klesplagget, men den 19 år gamle nakenmodellen Micheline Bernardini frå Casino de Paris stiller opp.

Ein konkurrerande formgivar Jacques Heim har også laga ei slik minibadedrakt. Han kallar den Atom og får vist den før Reards, men det er bikininamnet som blir ståande.

Under namnet Operation Crossroads detonerer USA til saman 67 kjernefysiske sprengladningar på atolla Bikini og Enewetak i åra 1946–1958. Den største av dei, Castle Bravo med tusen gonger større sprengkraft enn bomba over Hiroshima i 1945, blir sprengd 1. mars 1954.

På Bikini hadde dei 167 innbyggjarane i mars 1946 gått med på å flytte mellombels til Rongerik, ei anna øy i området. Dei vender aldri tilbake, og etterkomarane bur stort sett på øyane Kili og Ejit. Den dag i dag er det umogleg å busetje seg på Bikini. 

Sist oppdatert: 21.02.2019