Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

26.7.1933 gir Noregs Boklag ut Tysk-norsk ordbok av J. Fr. Voss. Initiativet til dette verket tok Sigurd Blehr og J. F. Voss som studentar i 1908. Dette er den første store ordboka frå tysk til nynorsk (sjå 3.6.1927).

All verdas språk

26. juli 1887 gir den polske legen Ludwik Lejzer Zamenhof ut si første bok om eit planspråk som han sjølv har laga.

Boka kjem først ut på russisk under tittelen Mezhdunarodny yazyk (Eit internasjonalt språk). Forfattarnamnet er pseudonymet Doktoro Esperanto – Dokter Håpefull. På det nye planspråket heiter boka Lingvo internacia: Antaŭparolo kaj plena lernolibro, og i første omgang blir språket kalla lingo internacia.

Han skal første gongen ha presentert ideen om eit lingwe uniwersala 17. desember 1878. Frå pseudonymet hentar han seinare det som blir namnet på planspråket esperanto. I ettertid er boka gjerne blitt kalla Unua libro. Det første tidsskriftet på esperanto kjem ut i 1889, og til den første internasjonale kongressen for esperanto i 1905 kjem 700 deltakarar frå 20 land.

Slike planspråk har andre laga før – det eldste skal vere lingua ignota på 1100-talet. Seinare blir det laga fleire slike internasjonale hjelpespråk. Ein komité møtest i Paris hausten 1907 for å drøfte vegen vidare for slike verdsspråk. Ein morgon dei kjem til møterommet, ligg ein ferdig grammatikk og prøver på ei ordbok for eit nytt planspråk der. Forfattaren kallar seg Ido, som på esperanto tyder ‘etterkomar’. Med tida viser det seg at pseudonymet skjuler matematikaren og språkforskaren Louis Couturat.

Verdsorganisasjonen Universala Esperanto Asocio blei stifta i 1908 og har medlemer i 121 land. Tidleg på 2000-talet har frå 200 til 2000 menneske esperanto som førstespråk.

Etter Napoleonskrigane blir eit landområde på 3,4 km2 med 256 innbyggjarar mellom Prøyssen, Belgia og Nederland skilt ut som Nøytrale Moresnet, ein fristat som finst frå 1816 til 1920. Frå 1907 prøver ei gruppe espetantobrukarar å gjere esperanto til det offisielle språket i fristaten. Dei kjem så langt at dei 13. august 1908 proklamerer fristaten Amikejo (Stad for vener) på Hotell Bergerhoff, får laga nasjonalsong og flagg og frimerke. Så invaderer tyske styrkar fristaten 4. august 1914.

Sammlung für Plansprachen und Esperantomuseum i Wien har sidan 1927 dokumentert om lag 500 ulike planspråk. For esperanto finst det også museum i Frankrike, Kina, Spania og Tsjekkia.

Sist oppdatert: 25.07.2017