Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.7.1919 vedtek Norsk Bladmannalag å opprette Bladmannaskulen med Hans Aarnes som styrar. Dette er den første journalistutdanninga i landet. Styret har første møtet to dagar etter. I 1921 går drifta over til å vere brevskule, og institusjonen skiftar seinare namn til Framskulane og Fram Brevskule.

All verdas språk

27. juli 1967 vedtek parlamentet i Wales Welsh Language Act. Vedtaket gir walisisktalande rett til å få ein del formular og dokument på walisisk, og dei kan krevje at eventuelle rettssaker skal førast på walisisk.

Skilt på engelsk og walisisk. Foto: Mélanie Girouard (diluvienne), Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Skilt på engelsk og walisisk. Foto: Mélanie Girouard (diluvienne), Flickr.com CC BY-NC 2.0. 

Saman med språk som kornisk, mansk, skotsk-gælisk og irsk gælisk skriv walisisk seg frå keltarane, ei folkegruppe som gjorde seg gjeldande i Europa frå om lag 1200 år f.Kr. I si stordomstid styrte dei mykje av Europa. Walisisk er eit av få keltiske språk i den vestlege delen av Romarriket som framleis blir brukt.

I 1536 blir Wales ein del av England. Då har nedgangen for walisisk alt teke til. No følgjer reglar om at det er engelsk som skal brukast i rettsvesenet, og at ingen som snakkar walisisk, kan bli tilsette i offentleg forvaltning. Slike tiltak for å fremje engelsk hindrar likevel ikkje at John Price of Brecon i 1547 gir ut den første boka på walisisk, med fadervår, bodorda og rettleiing i det å lese walisisk. Boka er utan tittel og blir gjerne nemnd Yn y lhyyr hwnn (I denne boka) etter opningsorda i boka. Det nye testamentet blir gitt ut på walisisk i 1567 og heile Bibelen i 1588.

Desse skriftene er med og dannar grunnlaget for det som med tida blir ein ganske sterk walisisk skriftkultur.

Det skjer med handling: Den første avisa på walisisk kjem ut frå 1. januar 1814, og det første radioprogrammet på walisisk blir sendt 8. november 1923.

Det skjer med feiring: Den 1. august 1861 opnar den første National Eisteddfod i Wales, ei vekelang feiring av det walisiske språket. Feiringa blir halden årleg første veka i august.

Det skjer også med strid. Den 27. april 1971 demonstrerer walisarar i ein rettssal der åtte medlemer av Welsh Language Society er tiltalte for «conspiring to damage, remove or destroy» vegskilt med engelske namn i Wales.

Sist oppdatert: 25.07.2017