Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

28.7.1893 sender Kyrkje- og undervisningsdepartementet ut rundskriv om at desse bøkene skal vere mønster for rettskrivinga på landsmål: Nokre salmar av Elias Blix, Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular av Arne Garborg og Ivar Mortensson Egnund, Norsk Maallæra av Marius Hægstad, landsmålsutgåva av Nordahl Rolfsens leseverk og Norsk Grammatik av Ivar Aasen.
 
28.7.1921 gjer Voss kommunestyre som den første kommunen vedtak om kva målform kommunen ønskjer i skriv frå statsorgan (sjå 1.9.1924). Tolv år seinare bruker kvar tredje kommune nynorsk overfor staten.
 

All verdas språk

 
28. juli 2008 krev høgsteretten i Nepal skriftleg svar frå den nyvalde visepresidenten Paramananda Jha om kvifor han har avlagt presidenteiden på hindi, som ikkje er offisielt språk i Nepal. Hindi er morsmål for éin prosent av innbyggjarane, men blir brukt av fleirtalet som andre- eller tredjespråk.
 
Nepalsk er offisielt språk i Nepal. Foto: Noruk Macto, flickr.com CC BY 2.0 
Jha forklarer at han vil fremje mangfaldet av språk i Nepal, og at han ikkje har ønskt å krenkje nokon. Den 24. juli 2009 vedtek høgsteretten at det er i strid med grunnlova å avleggje eiden på hindi, og visepresidenten får ein frist på sju dagar med å avleggje eiden på nepalsk. Høgsteretten har 1. juni 1999 vedteke at all bruk av minoritetsspråk i den offentlege forvaltninga er i strid med grunnlova. Vedtaket utløyser proteststreik i hovudstaden Kathmandu 14. september same året.

Først 7. desember 2010 seier Jha fram eiden – på nepalsk og sitt eige morsmål maithili, det nest største språket i Nepal.

Den første grammatikken for maithili skreiv den tysk-engelske orientalisten Augustus Frederic Rudolf Hoernlé i 1880.
Sist oppdatert: 05.03.2014