Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.7.1774 vinn Thomas Breidal ein skytekonkurranse i Bergen arrangert av Det Bergenske Skydeselskab. Ffter-Retninger fra Adresse-Contoiret i Bergen i Norge prentar 15.8. diktet «Te Skaala aat han Fogle-Kongien» til ære for vinnaren. Forfattaren er ukjend, og diktet er skrive på agderdialekt. Dette kan vere første gongen ei avis i Noreg prentar eit dikt på dialekt. 

29.7.1898 vigslar statsråd Ole Anton Qvam Håkonshallen i Bergen. Same kvelden tek Vestmannalaget hallen i bruk med stort olsokstemne, som avslutning på tre dagar med målmannsstemne og kappleik.

29.7.1914 held biskop Bernt A. Støylen den første bispepreika på landsmål, i Kristiansand domkyrkje.

29.7.1921 gjer Voss kommunestyre som den første kommunen vedtak om kva målform kommunen ønskjer i skriv frå statsorgan (sjå 1.9.1924). Vedtaket blir gjort med 17 mot fire røyster. Tolv år seinare bruker kvar tredje kommune nynorsk overfor staten.

All verdas språk

29. juli 1030 blir kong Olav Haraldsson drepen på Stiklestad etter å ha vore konge i 13 år.

Han har innført ein kristenrett på norrønt, og med kristninga av landet kom både det latinske alfabetet og språket latin til Noreg. Den drepne kongen blir i 1031 heilaggjord med eit rituale, eit officium, på latin og med song på latin. Etter slaget på Stiklestad får den katolske kyrkja trygt fotfeste i Noreg. Med den kjem lærde klerkar frå andre land som kan sin latin, og latin er i utgangspunktet språket for messene i dei mange kyrkjene som blir bygde.

Statue av Olav den heilage. Foto: BJørn Smestad, flickr.com CC BY 2.0

Statue av Olav den heilage. Foto: Bjørn Smestad, Flickr.com CC BY 2.0.

To mindre noregshistorier blir skrivne på latin truleg kring 1150 og 1180, medan Snorri Sturluson skriv si store noregshistorie, Heimskringla, på norrønt frå om lag 1220.

Latin blir aldri utbreidd i Noreg. Sjølv i kyrkja røyner det på, for preikene blir gjerne haldne på norrønt til dansk tek over frå 1400-talet. Her som i store delar av Europa er det viktigare for kyrkja å nå ut til mange enn å halde på det gamle lærdomsspråket.

Sist oppdatert: 16.06.2020