Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.7.1918 avsluttar Odelstinget ein fleire dagars debatt om nye namn på administrative einingar etter at eit utsetjingsframlegg blei forkasta med 54 mot 33 røyster. ”Bispedøme” blir samrøystes vedteke som nytt namn for ”stift”, ”fylke” blir vedteke mot 15 røyster for ”amt”, og med 47 mot 33 røyster kjem ”fylkesmann” i staden for ”amtmann”. Ti av dei nye fylkesnamna blir vedtekne samrøystes. Resten av vedtaka blir gjorde mot mindretal frå 4 til 37 røyster (sjå 30.6.1924).

30.7.1954 kjem første nummeret av Lifjell ut i Bø i Telemark med Trygve Skarelven som redaktør. Siste nummeret kjem 22.3.1963.

30.7.1970 lir høgnorsktilhengjarane nederlag på landsmøtet i Noregs Mållag og bryt ut av laget.

All verdas språk

30. juli 1994 opnar Majestehtta Gånågis Harald 5. det lulesamiske senteret Árran på Drag i Tysfjord. Namnet tyder ‘open eldstad’, og kongen opnar institusjonen ved å tenne eld på ein open eldstad utanfor.

Ideen om eit slikt senter tok form i 1982, og dronning Sonja la ned grunnsteinen 17. august 1992. Anlegget med hovudbygning og tre mindre bygningar utgjer 1660 m2 og er teikna av arkitekt Knut Elby.

Lulesamane tel no om lag 2000 menneske, og dei fleste bur i dei norske kommunane Tysfjord, Hamarøy og Sørfold og i Jokkmokk i Sverige. Den 27. april 1995 vedtek Staten v/Kommunaldepartementet, Nordland fylkeskommune og Tysfjord kommune vedtekter for Árran, som blir eit forvaltningsorgan under Sametinget.

I Tysfjord har åtte foreldre i 1989 opna ein lulesamisk barnehage. På ein plakat i barnehagen stod det skrive: «Dánna galggap sámástir!» (Her skal ein snakke samisk!) Med Árran i drift flyttar barnehagen til dette kultursenteret.

Den første samiske barnehagen opna i Kautokeino i 1969 i ein bygning gitt i gåve av Norsk Folkehjelp. Karasjok får sin første samiske barnehage i 1972, Porsanger i 1974, Tana i 1979, Nesseby i 1980, Tromsø i 1983 og Oslo i 1986. No finst det barnehagar både i det nordsamiske, det lulesamiske og det sørsamiske området.

Vidare lesing: Samiske språk

Sist oppdatert: 09.03.2017