Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

31.7.1982 blir Maria Høgetveit Berg vald til første kvinnelege leiaren i Noregs Mållag under landsmøtet i Mandal.

All verdas språk

Mikke Mus snakkar for første gong

31. juli 1929 snakkar teikneseriefiguren Mikke Mus for første gong.

Figuren blei skapt av Walt Disney og Ub Iwerks i 1928. Mikke Mus dukka opp i ei prøvevising 15. mai 1928 av den seks minutt lange teiknefilmen Plane Crazy. Denne filmen blei aldri vist allment, og først med Steamboat Willie får publikum sjå Mikke Mus frå og med 18. november 1928. Dette er film med lyd, men ikkje med tale.

Minnie Mus er den første som snakkar i filmane. Ho seier «Oh, me?» i filmen Plane Crazy (sjå 15. mai 1928).

Filmen som får premiere 31. juli 1929, er The Karnival Kid. Der gir Walt Disney sjølv stemme til Mikke Mus, og det held Disney fram med til 1946. Den siste kortfilmen for kino, The Simple Things, blir laga i 1953. Mikke Mus dukkar opp som stripe i amerikanske aviser i 1930 og har vore fast innslag i teikneseriebladet Donald Duck & Co. like frå det første nummeret i 1948.

Då The Karinval Kid har premiere, har Disney alt tilsett ein ny medarbeidar til å ta seg av det vidare arbeidet med Mikke Mus. Floyd Gottfredson blir mellombels tilsett 5. mai 1930 og blir verande i 45 år.

Video: Utdrag frå filmen The Karnival Kid (1929), der Mikke Mus snakkar for første gong.

Flamsk

31. juli 1921 vedtek det belgiske parlamentet at flamsk (nederlandsk) skal brukast av dei lokale styresmaktene i dei flamske områda, og at sentraladministrasjonen i Brussel skal vere tospråkleg.

Som ei følgje av Den første verdskrigen har dei tysktalande i landet frå 30. september 1920 mista sine språklege rettar, som dei først får att i 1932. Før allmenn skuleplikt blei innført i 1914, er dei fleste flamsktalande analfabetar eller utan nødvendige kunnskapar i det dominerande franske språket. Under den første verdskrigen skal dette ha ført til at mange soldatar mista livet fordi dei ikkje forstod ordrane frå dei fransktalande offiserane.

Vedtaket frå 1921 blir berre delvis følgt opp, men det dannar grunnlaget for utforminga av ein systematisk, regional språkpolitikk dei neste tiåra. Først i 1950- og 1960-åra får flamsk same status som fransk i Belgia. I 1961 tek innanriksminister Arthur Gilson eit initiativ for å formalisere dette på ny.

Ei lov av 31. mai 1961 om språk i rettsvesenet blir følgd opp med eit nytt lovvedtak 8. november 1962. No blir Belgia delt i fire språkområde – flamsk, fransk, tysk og flamsk-fransk (Brussel). Språkbruken i både forvaltning, rettsvesen, kyrkje og skule blir vidare regulert ved fleire lover i 1963. Med dette blir eit par regionar i Belgia definerte som tyskspråklege. Det vekkjer meir strid at 43 kyrkjesokn skal skifte språk.

I dag bruker om lag 59 prosent av innbyggjarane flamsk, 40 prosent fransk og 1 prosent tysk. 

Sist oppdatert: 22.02.2019