Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.7.1918 blir skodespelaren Rolf Søder fødd i Oslo.

4.7.1928 blir tradisjonskunsthistorikaren og rosemålaren Nils Ellingsgard fødd.

4.7.1941 blir skodespelaren Ragnhild Vannebo fødd i Overhalla.

4.7.1950 blir språkforskaren Jan Olav Fretland fødd i Lærdal. Han var leiar i Noregs Mållag 1993–94.

4.7.1953 kjem første nummeret av avisa Tysnes ut på Tysnes med Johannes Heggland ofl. som redaktørar.

4.7.2009 lyser Kommunal- og regionaldepartementet ut den nye prisen Årets nynorskkommune som skal gå til kommunar som fremjar nynorsk som skriftspråk (sjå 1.9.2009).

All verdas språk

4. juli 1569 signerer kongen av Litauen ein traktat som etablerer den såkalla Lublinunionen og formar det polsk-litauiske samveldet. Det polske parlamentet, Sejm, har då drøfta saka sidan 10. januar same året, og 28. juni er dei siste detaljane på plass.

Med denne traktaten får polsk språk eit solid formelt grunnlag for ekspansjon austover og mot språket litauisk i Litauen. Polsk er på denne tida eit dominerande språk, og kong Sigismund I krev i 1537 at kyrkje og rettsvesen bruker polsk.

Andre byggjer opp språket litauisk. Alt i 1547 har teologen Martynas Mažvydas gitt ut den første boka på litauisk, Katekizmo prasti žodžiai, Katekismens enkle ord, i Königsberg. Språket er prega av den vestlitauiske dialekten samogitisk; den andre hovuddialekten i Litauen er høglitauisk. Skriftet på 79 sider er prenta i 200–300 eksemplar og inneheld hovudpunkta i Martin Luthers katekisme, fleire hymner og eit første dikt på litauisk.

Med ei polsk-litauisk-latinsk ordbok frå 1629 fører jesuitten og leksikografen Konstantinas Sirvydas vidare arbeidet for det litauiske skriftspråket, og i 1653 har teologen Danielius Kleinas ferdig Grammatica Lituanica, den første grammatikken for litauisk.

Samveldet raknar då Russland går til krig i 1792 og året etter sigrar. Det meste av Litauen blir verande ein del av Russland til ei sjølvstendeerklæring for Litauen blir signert 16. februar 1918. I 22 år er Litauen ein eigen stat, men på fire år frå 1940 blir landet okkupert to gonger av Sovjetunionen og ein gong av Tyskland.

Arbeidet med ei stor litauisk ordbok, Lietuvių kalbos žodynas, tek til i 1941. Då det er fullført i 2002, utgjer verket 20 band med til saman 22 000 sider som inneheld om lag 500 000 opppslagsord. Det gjer denne ordboka til ei av dei største i verda.

Alt før Sovjetunionen er oppløyst, grip styresmaktene i Litauen inn språkpolitisk. Dei vedtek 18. november 1988 at litauisk skal vere det einaste offisielle språket i landet. Halvtanna år seinare følgjer dei opp med det store vedtaket. Den 11. mars 1990 erklærer Litauen som den første sovjetrepublikken sjølvstende frå unionen.

Litauisk er det heilt dominerande språket, medan polsk og russisk blir brukt av kvar sine 300 000. Her som i andre delar av først Russland og seinare Sovjetunionen vinn ikkje russisk fram utanfor sitt eige kjerneområde. 

Den 31. januar 1995 vedtek styresmaktene ei språklov for Litauen som regulerer bruken av litauisk i offentleg forvaltning. Seinare kjem det fleire utfyllande lover for litauisk språkpolitikk. 

Sist oppdatert: 07.05.2019