Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


5.7.1916 vedtek Stortinget å løyve 300 000 kr frå overskotet av Pengelotteriet til nybygg for Det Norske Teatret, i tråd med søknad frå teatret i 1914 (sjå 15.1.1914, 4.11.1916, 6.5.1985).
 
5.7.1941 står første teikneseriestripa med ”Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland” på prent i Nynorsk Vekeblad, teikna av Jostein Øvrelid (pseudonym Ronald Stone) og fortald av Hallvard Sandnes (pseudonym Vigleik Vikli). Serien går til 1954, då bladet går inn, men det kjem nye julehefte fram til 1960 (sjå 23.11.2007).
 

All verdas språk

5. juli 1417 innfører Stanley, Lord of Man, Midsummer Court som ein ny seremoni på Tynwald Hill på Isle of Man. Namnet Tynwald er det same som det norrøne thingvollr, tingstad. Staden er truleg ein svært gamal møteplass midtsommars for keltarar.
 
Dei eldste skriftspora etter dette sentraleuropeiske folkeslaget skriv seg frå Alpane i 575 f.Kr. Språket deira kan ha vore eit lingua franca lanbgs kysten av Atlanterhavet i tusenåret f.Kr., og til Dei britiske øyane kan dei ha kome frå Pyrenéhalvøya. Det er mest i dei vesteuropeiske områda der keltisk ein gong dominerte, at språk med latinsk opphav seinare blir kvardagen: fransk, oksitansk, katalansk, spansk, portugisisk.
 
Man er under norrønt styre frå om lag 800 til skotske kongar tok over i 1266. Stanley-familien i Lancashire var Lords of Man frå 1405 til 1736, og frå 1765 er Isle of Man ein sjølvstyrande eigedom under den engelske krona, ikkje ein del av Storbritannia.
Frå 1079 til 1095 var øya styrt av Godred Crovan, som var med i slaget ved Stanford Bridge i 1066. I hans regjeringstid skal det ha blitt skipa eit parlament i Tynwald. Truleg har ingen parlament i verda ein lengre ubroten tradisjon enn dette.
 
Nasjonaldagen er 5. juli, og den nye seremonien som blir innført i 1417, er at nye lover frå det siste året blir lesne høgt på Tynwald Hill. Kvart år denne dagen har parlamentet på Isle of Man eit slikt utandørsmøte. Ein domar les lovene på mansk og engelsk, ingen lover er gyldige før dei er kunngjorde på denne måten, og det må gjerast innan 18 månader etter at dei er vedtekne.
 
Sist oppdatert: 24.02.2014