Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.7.1892 endrar Odelstinget § 73 i lov om landsfolkeskulen etter framlegg frå Det Norske Samlaget (som ville ha bindande folkerøystingar). Kvinner hadde røysterett viss dei var over 25 år og skattepliktige.

6.7.1913 blir Norsk Bladmannalag skipa i samband med årsstemnet til Noregs Ungdomslag i Skien. Hans Aarnes er første formann. Dette laget for nynorske journalistar er enno så vidt i live.

6.7.2006 vedtek årsmøtet i Noregs Ungdomslag i Trondheim med stort fleirtal å halde fast ved gjeldande vedtekter om at NU pliktar å arbeide for nynorsk. Med om lag 85 mot 10 røyster vedtek årsmøtet at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket for tilsette og tillitsvalde sentralt.

All verdas språk

6. juli 1415 blir den tsjekkiske reformatoren Jan Hus og alle hans skrifter på tsjekkisk brend på bålet i Konstanz.

Hus var inspirert av den engelske kyrkjekritikaren John Wycliffe, som særleg kritiserte at den katolske kyrkja skaffa seg så mykje jordisk gods. I si prestegjerning frå 1402 har Hus prega grunnlaget for tsjekkisk ved at han preika på tsjekkisk og tok tsjekkiske songar i bruk i kyrkja. Han er også rektor ved universitetet i Praha. Hus er blitt lyst i brann i 1411, og avrettinga fører til at tsjekkisk språk står sterkare enn nokon gong.

Den første boka på tsjekkisk blir prenta i 1468, den første grammatikken kjem i 1533, og i 1593 er heile Bibelen omsett til tsjekkisk. På 1800-talet blir det moderne tsjekkiske skriftspråket forma av Josef Dobrovskij (fødd 1753) og Josef Jungmann (fødd 1773) saman med slovakane Ján Kollár (fødd 1793) og Pavel Jozef Šafárik (fødd 1795).

I nesten 300 år mellom 1620 og 1918 er Tsjekkia under austerriksk styre. Det austerrikske områda Bøhmen og Mähren og det ungarske området Slovakia blir slått saman til Tsjekkoslovakia frå hausten 1918. Den 1. januar 1993 blir staten delt i Tsjekkia og Slovakia.

Tsjekkoslovakia hadde frå 1945 tsjekkisk og slovakisk som offisielle språk, medan Tsjekkia ikkje har noko slikt vedtak. Derimot er tsjekkisk og slovakisk jamstilte språk i forvaltninga, og dei språklege rettane for minoritetar er formaliserte.

Sist oppdatert: 09.03.2017